Ny plandel i Plan- og bygningsloven er sett i kraft dette året. Det vert no invitert til regionale samlingar for lokalpolitikarane.
Fleire hundre planleggjarar i kommunane og i konsulentbransjen har alt vore på kursa som Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland har arrangert.
No er turen komen til lokalpolitikarane. Fylkeskommunen og fylkesmannen inviterer i fellesskap til tre regionale samlingar for kommunane.
Biletet over viser fullt hus på samlinga i april
Program:
28. januar for Sunnhordland på Leirvik
2. februar for Bergensregionen, Nordhordland og Voss
3. februar for Hardanger på Utne
Invitasjonsbrev med program
Samlingane gir eit overblikk over sentrale endringar og verknader for kommunane både når det gjeld kommuneplanlegging og reguleringsplanlegging. I Hordaland er det naturleg å leggja særleg vekt på nytt regelverk for dispensasjonar og strandsoneforvaltning. Til slutt er det sett av tid til innspel om utfordringar for kommunane vidare.
For informasjon og påmelding: www.hordaland.no/kommunedora/plannettverk - møteplan 2010