Regional forskingsstrategi Hordaland

Fylkesrådmannen i Hordaland har sett i verk arbeid med ein regional forskingsstrategi som skal vere styringsdokumentet for dette ansvarsområdet i fylket vårt. Strategien vert sendt på høyring med frist måndag 18. januar 2010 kl. 13.00

Adresse for høyringa er e-post til jone.engelsvold@post.hfk.no

Les Regional forskningsstrategi for Hordaland (pdf)

Forskingsfeltet eit nytt ansvar for fylkeskommunen

Gjennom Forvaltningsreforma har Stortinget gitt fylkeskommunane ansvar for å styrke arbeidet med forsking som kan fremje ei betre regional utvikling. Fylkesrådmannen i Hordaland har på dette grunnlaget sett i verk arbeid med ein regional forskingsstrategi som skal vere styringsdokumentet for dette ansvarsområde i fylket vårt. 

Regional forskingsstrategi Hordaland skal ha fleire funksjonar

  • Strategien skal skape ei felles forståing for den regionale forskingsinnsatsen og medverke til å utvikle forskingsmiljøa i regionen med utgangspunkt i regional styrke og regionale utviklingsmål.
  • Strategien skal tene som styringsgrunnlag for fylkeskommunen i spørsmål om regional forsking.
  • Strategien skal gi føringar for samarbeidet mellom regionale utviklingsaktørar og FoU- miljøa
  • Strategien skal gje viktige innspel i utforminga av Regionalt Utviklingsprogram og dessutan gi konkrete føringar i arbeidet med VRI programmet (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon).
  • Strategien skal gi føring frå Hordaland til arbeidet med Regionalt forskingsfond Vestlandet, som er eit samarbeid mellom Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland. Ei eiga fylkestingssak frå oktober 2009 er formelt grunnlag for styret i fondet sitt arbeid med årleg handlingsplan og utlysing av midlar. Første utlysing av midlar frå Regionalt forskingsfond Vestlandet er venta i april 2010 med søknadsfrist 2 juni 2010. Seinare er det venta ein til to utlysingar i året. Søknadsgrunnlaget blir lagt på ei eiga nettside kopla til Forskingsrådet sitt e-søknadssystem.

Hovudinnhald i strategiutkastet

Utkastet til Regional forskingsstrategi Hordaland skildrar forskingsfylket Hordaland og dei mange forskingstema og forskingsrelaterte utfordringar som er knytt til regional utvikling. Det er fremja to hovudmål med kvar sin strategi som fokuserer 1) Prioriterte forskingstema og 2) Styrka samarbeid mellom forskingsmiljø og næringsliv/samfunnsliv elles i Hordaland.

Ein meir omfattande rapport om Forskingsfylket Hordaland er utarbeida i samband med strategien. Sjå Forskingsmiljø og forskingsaktivitetar i Hordaland, AUD-rapport nr. 15-09 (pdf)

Politisk behandling i mars 2010

Det er lagt opp til behandling av Regional forskingsstrategi Hordaland i fylkeskommunen sine politiske utval i februar 2010 og i Fylkestinget i mars 2010.

Les Regional forskningsstrategi for Hordaland (pdf) 

Jone Engelsvold 17.12.2009 11:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart