Nordahl Grieg vgs vert knutepunktskule for hørselshemma

Nordahl Grieg videregående skole, som opnar neste haust, skal vera knutepunktskule for hørselshemma, vedtok Hordaland fylkesting 9. desember.

All hørselsfagleg kompetanse vil verta administrert frå Nordahl Grieg videregående skole. Dette vert gjort for å få betre høve til å vidareutvikla eit samla hørselsfagleg miljø.

Fellesfaga
Elevane som søkjer knutepunktskulen i Hordaland vert formelt tekne inn som elevar ved Nordahl
Grieg videregående skole. Her skal også all undervisning i fellesfaga føregå, uavhengig av kva studieprogram elevane vel.

Samarbeidsskular
Naturlege samarbeidsskular for Nordahl Grieg videregående skole vil vera Slåtthaug, Sandsli og Stend. Nordahl Grieg vgs skal også samarbeida med andre skular dersom eleven skal ha opplæring i utdanningsprogram som ein ikkje kan får ved desse skulane.

Elevane kan søkja alle programområda ved Nordahl Grieg videregående skole og ved samarbeidsskulane.

Tilpassa tilbod
Nordahl Grieg videregående skole, opplæringsavdelinga og samarbeidsskulane i regionen skal leggja til rette for at elevane får eit best mogleg tilpassa opplæringstilbod i høve det programområdet den einskilde elev skal ha opplæring i.

Stanley Hauge 10.12.2009 14:18
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart