Fylgjen av dette er at kommunen ikkje kan vedta planen sjølv, men arealbruken må fastsetjast av Miljøverndepartementet.
Miljøverndepartementet som er øvste planstyresmakt, har 15.desember 2009 sendt ut eit nytt rundskriv om motsegn som klargjer motsegnsorgan og motsegnstema både som fylgje av ny plandel i plan- og bygningslova og som fylgje av forvaltningsreforma.
Hovudansvar
For fylkeskommunen er no fylgjande tema framheva som hovudansvar:
- Kulturminne og kulturmiljø frå MD
- Landskapsomsyn frå MD
- Friluftsliv frå MD
- Regionale planar frå MD
- Plankvalitet frå MD
- Fylkesvegar frå SD
- Havbruk frå FKD
Lista er ikkje uttømande. Det vert særleg krevjande å fylgja opp ”gamle” oppgåver som regionale planar og plankvalitet som etter ny planlov omfattar ei rekkje nye tema og har ei heilt anna vekt. For temaene havbruk, fylkesvegar og landskap/friluftsliv vil fylkeskommunen konkret overta oppgåver som Statens vegvesen, Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen har hatt fram til no.
Nye ansvarstema
Fylkesvegar vil etter reforma omfatta 2900 km veg. Det pågår drøftingar med Statens vegvesen om samarbeid etter overføring av vegansvaret. Fylkesvegnettet i Hordaland byr på omfattande utfordringar for planarbeidet.
Hordaland er eit av landets største havbruksfylke og konfliktpotensialet er mangfaldig i forhold til andre interesser. Tidlegare arbeid med kystsoneplan for Hordaland vil vera enda meir relevant , men treng oppdatering i høve til nye problemstillingar.
Når det gjeld landskap har fylket store verdiar sett både i nærmiljø- og reiselivsperspektiv. Hordalandsprosjektet Landskap i kommunal plan har vore eit nasjonalt pilotprosjekt for iverksetjing av Den Europeiske Landskapskonvensjonen. Dette vert svært nyttig for fylkeskommunen i arbeidet vidare. Hordaland er også langt framme når det gjeld forvaltning av friluftslivareal og har som det første fylket i landet gjennomført ei fylkesomfattande kartlegging og verdsetjing av regionale friluftsområde.
Forvaltning
Motsegnsvedtak er i Hordaland fylkeskommune delegert til Kultur- og ressursutvalet. Fleire avdelingar er trekt inn i arbeidet med plansaker. Dette gjed i særleg grad Samferdselavdelinga, Kultur- og idrettsavdelinga og den nye Regionalutviklingsavdelinga som har ansvar for havbruksforvaltning og koordinering i plansaker.
Link til brev frå MD 15.desember 2009