Lesing for alle

Kva litteraturtilbod finst for vaksne som av ulike grunnar ikkje kan lese sjølve? Eit tiltak er å organisere frivillige og tilsette på institusjonar som ønskjer å lese for andre. I Hordaland har fylkesbiblioteket ved kultur- og idrettsavdelinga arrangert

70 personar lærte å vere leseombod på kursa.

70 personar lærte å vere leseombod på kursa. (begge foto: Simon Sortland)

Leseombod deler lesegleder
Frivillige lesarar knytt til folkebibliotek vert kalla leseombod av organisasjonen Leser søker bok, som har utarbeidd kursopplegget. Rundt 70 personar lærte om å vere leseombod på kursa i november. I tillegg til i Bergen, vart det arrangert kurs i Leirvik, der dei lokale folkebiblioteka var medarrangørar.
I løpet av kursdagen fekk deltakarane kunnskap om å formidle til personar med demens og menneske med utviklingshemming. Desse to gruppene vart spesielt plukka ut, fordi demente og utviklingshemma kan ha behov for at tekstane som blir brukte, er lagt til rette slik at tilhøyrarane kan forstå dei. 

Erindring og identitet
- For mange demente er det mogleg å nå fram til dei med formidling, sa kurshaldarar Bengt-Ole Nordstrøm. Han arbeider på Austlandet mellom anna med å leie erindringsgrupper. I gruppene fokuserer han på å vekkje minne og engasjement. Det styrkjer identitetskjensla, ikkje minst hjå menneske med demens. Nordstrøm legg vekt på at gruppa kan ha blanda funksjonsnivå, men må innehalde personar som ein kan kommunisere nokså godt med, slik at det ikkje blir for tungt å få kontakt.
- På institusjonen der eg arbeider, har vi laga eit eige erindringsrom, med gjenstandar og innreiing frå tidlegare tider, fortalde ein av kursdeltakarane.
- Ja, det er fint med eit rom der formidlinga kan foregå i ro og fred. Menneske som blir samla rundt eit bord, kan trenge hjelp til å få fram forteljingane sine, og å bli sett. Ein stad møtte eg ei kvinne som ikkje hadde sagt noko på fleire dagar. Minne som vart kalla fram, gjorde at ho kunne fortelje om arbeidet ho hadde gjort, og livet ho hadde levd, sa Nordstrøm, som fekk kursdeltakarane til å syngje ”Innerst i sjelen”, med tekst av Ole Paus.   

”Innerst i sjelen stiger landet frem:
en blank og gyllen stripe land
som en gang var mitt hjem”.

Gamle songtekstar og dikt med markerte rim og rytmer, er gjerne noko av det som sit igjen i minnet til folk som gløymer kva som har hendt nyleg. Leseomboda kan bruke dei lokale folkebiblioteka til å finne høvelege tekstar. På nettsida til Leser søker bok finst det ein del leseforslag, men ikkje så mange knytt til Vestlandet. Folkebiblioteka vart på kurset oppfordra til å lage lister med tekstar av forfattarar frå våre nærområde. 

Konkret språk og forståeleg innhald
Kurshaldaren som snakka om formidling til utviklingshemma, Ragne B. Langlo, er utdanna spesialpedagog og arbeider med tilrettelegging av læremiddel og kommunikasjonstrening.
- Utviklingshemma er individuelle personar som kan ha nokre like utfordringar. Dei kan ha behov for støtte til å konsentrere seg, og hjelp til forståing av samanhengar og omgrep med overført tyding, sa Langlo. Ho har sjølv ein multifunsjonshemma son og har i mange år vore aktiv i organisasjonsarbeid og delteke på kulturarrangementer for menneske med utviklingshemming, gjennom Norsk forbund for utviklingshemmede.
- Konkret språk som tilhøyrarane kan overføre til det kjente, vil ha størst sjanse til å nå fram, fortalde Langlo, som hadde mange gode døme på korleis ein kan formidle. Det finst bøker med tekstar som har eit enkelt innhald, men som likevel ikkje blir for barnslege for vaksne utviklingshemma.

Fleire folkebibliotek i Hordaland har blitt med på ei ordning frå Leser søker bok, som vert kalla Bok til alle-bibliotek, der biblioteka arbeider spesielt med å få i gang ordning med leseombod og å marknadsføre bøker som er lette å lese, anten det handlar om skriftbiletet eller innhaldet.

Leser søker bok: http://www.lesersoekerbok.no/Kurshaldar Bengt-Ole Nordstrøm snakkar om kommunikasjon med menneske med demens.

Kurshaldar Bengt-Ole Nordstrøm snakkar om kommunikasjon med menneske med demens.

Helge Skurtveit helge.skurtveit@post.hfk.no

 

Helge Skurtveit 01.12.2009 10:45
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart