Omfattande plan
Utkast til klimaplan for Hordaland har vorte ein svært omfattande plan. Den går relativt grundig inn på sentrale aspekt ved klimautfordringane, og like eins går den relativt grundig inn på kva handlingsrom vi har i Hordaland til å gjera noko med dei.
Klimaplan for Hordaland 2010-2020 - høyringsutkast (pdf-fil)
Størst utslepp i Hordaland
Hordaland er det fylket i landet som har størst utslepp av klimagassar. Målt i C02-ekvivalentar var utsleppa i 2007 på 4 516 000 tonn. Dette er ein vekst på 35 % frå 1991 og utgjer 12 % av utsleppa frå Fastlands-Noreg.
Utslepp frå Mongstad og Kollsnes står for 44 %, og av resten står transport for 50 %.
Visjon
I planutkastet er det formulert slik visjon: «Klimafylket Hordaland tar ansvar og skaper berekraftige løysingar.»
Hovudmål
I) Hovudmål klimagassutslepp:
Utslepp av klimagassar i Hordaland skal reduserast med 22 % i 2020 i høve til 1991 (30 % i høve til 2007), 30 % i 2030 i høve til 1991 og 65 % i 2050 i høve til 1991. For at hordalendingane sitt klimafotavtrykk skal kome ned på 2 tonn/innbyggjar i 2050, må ikkje‐lokalt fordelte nasjonale utslepp minst reduserast tilsvarande.
II) Hovudmål energi:
Energibruk til stasjonære føremål og prosessføremål i Hordaland skal reduserast med 30 % innan 2020 og 50 % innan 2050, og innan 2030 skal energibehovet til både stasjonære, prosess‐ og mobile føremål i all hovudsak dekkjast av fornybare energikjelder med lite tap av naturmangfald.
III) Hovudmål klimatilpassing:
Hordaland skal vere best mogleg budd på klimaendringane, og klimatilpassing skal baserast på føre-var‐prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve.
Hordalandsprotokollane
Som eit forsøk på å talfeste mål for reduksjon av klimagassar er det sett opp milepælar og tilhøyrande prosenttal for reduksjon med utgangspunkt i 1991 (referanseår for Kyotoprotokollen).
Forslaget i klimaplanen er at kvart av milepæl-åra skal markerast med underteikning av ein klimaprotokoll, Hordalandsprotokollane, på desse stadene.
2013: Oddaprotokollen – 5 % reduksjon av klimagassutslepp i fylket
2020: Mongstadprotokollen – 22 % reduksjon av klimagassutslepp i fylket
2030: Bergensprotokollen – 30 % reduksjon av klimagassutslepp i fylket
2050: Finseprotokollen – 65 % reduksjon av klimagassutslepp i fylket
Tiltaka i planen vil bli samla og ytterlegare konkretisert i eit handlingsprogram som skal rullerast årleg.
Vasskraftfylket
Hordaland er også det største vasskraftfylket. I klimaplanen vert det trekt opp at strategiane for Hordaland skal vera:
— å redusera energibruken
— i størst mogleg grad bruka fornybare energikjelder
— vera ein føregangsregion i produksjon av fornybar energi
— ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning
Areal og transport
Planen tek opp samanhengen mellom arealbruk og transport. Utsleppa frå transport har auka særleg kraftig i Hordaland. Strategiar for å redusera utsleppa frå transport er å redusera transportbehovet mellom anna med samordna areal- og transportplanlegging, meir offentleg og meir miljøvenleg transport, avgrensa biltrafikken og redusera utslepp frå køyretøya. Med den høge elkraftproduksjonen vi har, er elektrifisering av køyretøya særleg relevant her i fylket.
«Føre-var-prinsippet»
Klimaendringane kjem gradvis og det er ei utfordring å skapa forståing for at vi må handla no. Vi må tilpassa oss til klimaendringane, og då må føre-var-prinsippet leggjast til grunn. Kanskje den aller største utfordringa vår er å skapa forståing for at vi må leggja om forbruk og livsstil i ei meir berekraftig retning, heiter det i saksutgreiinga.
Breitt samarbeid
Klimaplan for Hordaland 2010-2020 er initiert av fylkestinget. Høyringsutkast som no ligg føre er resultatet av eit breitt samarbeid. Planen omhandlar klimaendringar og klimagassutslepp, energi, forbruk og avfall, bygningar, arealbruk og transport, næringsutvikling og klimatilpassing. Framlegg til mål og tiltak er utforma i høve til innsats for reduksjon i utslepp av klimagassar, ny energi og klimatilpassing.
Endeleg handsaming
Høyringsfristen er 31. mars 2010.
Etter høyringsrunden skal planen gå til endeleg behandling i fylkesutvalet og fylkestinget.