Hurra for første bybanevogn

Tidleg måndag 7. desember rulla den første bybanevogna i land på Skolten. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg stod i brodden for ei stor gruppe av politikarar og representantar for dei som har jobba for å få Bybanen til Bergen.

 

Det var reine 17. mai-stemninga då fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og byråd Lisbeth Iversen saman med representantar for både fylkesting og byråd, Skyss, tilsette i Hordaland Fylkeskommune og Bergen kommune mottok den første bybanevogna nr. 201 tidleg måndag morgon på Skoltegrunnskaien.

I tillegg var eit stort pressekorps, Bybanekontoret, politi, brannvesen og ikkje minst representantar for Stadler, fabrikken som bygger vognene, møtt fram.

Nøgde politikarar mottok den første Bybanevogna. F.v: Harald Hove (V), fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF), Gustav Bahus (Frp), byråd Lisbeth Iversen (KrF),  , Ruth Grung (Ap) og fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H).

Symbolikk
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fokuserte på kva Bybanen betyr i ein større samanheng i tala si til dei frammøtte, og understreka at det var passande at vogna kom til Bergen same dagen som klimatoppmøtet tok til i København.

Store dimensjonar. 40 meter lang transport.- Bybanen skal først og fremst vere ei løysing på dei lokale samferdsels-utfordringane våre, men vogn 201, som vi tek i mot i dag, har ein symbolikk som når mykje lenger enn dei 9,8 kilometra med skinnegang som no er lagt frå rådhuset til Nesttun.

 

bt.no: Her kommer Bybanen

ba.no: Her ruller vogn 201 i land

 

 

40 tonn og over 32 meter - Bybanevogna ruva på Skoltekaien.

Bybanen bygger byen
Byråd for byutvikling, næring og klima, Lisbeth Iversen, la vekt på Bybanen si sentrale rolle i byutviklinga, at ho er framtidsretta og kjem til å bety mykje for miljø og luftkvaliteten i byen i tida framover. Vidare retta ho ein stor takk til alle som har medverka til å gjere bana til ein realitet, og som har vore med på å skape dei vakre gateløypa som vognene kjem til å køyre i.

Bybanevogn 201Faktainformasjon om bybanevognene 2009.pdf

 


  

07.12.2009 15:51
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart