
Trond Nymark (t.v ) frå Bergen, Eirin Dale frå Os og Stian Schjetlein frå Bergen fekk utdelt Hordaland fylkeskommune sitt fat for særlege idrettsprestasjonar 2009 av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (foto: Stanley Hauge)
– Hordaland fylkeskommune sitt fat for særlege idrettsprestasjonar er ei utmerking som heng særs høgt. Det er idrettsprestasjonen som kvalifiserer utøvarane til ei slik utmerking. Kravet er medaljeplassering i verdsmeisterskap eller olympiske leikar. Verdsrekordar og siger i verdscupen samanlagt kvalifiserer og til fylkeskommunen sitt fat. Fatet kan berre verte tildelt ein gong, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under utdelinga på desembertinget i Bergen Kongressenter i dag.
Verdsmeister i kickboksing
Eirin Dale frå Os representerer Bergen Kickboxing Klubb og tok gull i VM i klasse under 55 kg. Det skjedde i Lignano, Italia. Kappgangutøvaren Trond Nymark tok sin sølvmedalje i VM i friidrett i Berlin, Tyskland. Han representerer TIF Viking. Bergensaren Stian Schjetlein frå Hjellestad Jet Ski Klubb tok bronse i VM i vannjet, klasse Ski Lite. VM vart halde i Arizona, USA. Desse tre har såleis gjort seg fortent til Hordaland fylkeskommune sitt fat for særlege idrettsprestasjonar i 2009.
Fem utviklingsstipend
I alt kom det inn 66 søknadar fordelt på 56 utøvarar og 10 trenarar/ leiarar til Hordaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend innan idrett for 2009. Stipendet på 25.000 kroner er meint å stimulere og inspirere mottakaren til vidareutvikling innan sin idrett. Det er berre mogleg å få utviklingsstipendet éin gong. Ved tildeling vert kriterium som prestasjon, potensiale og planar for vidare utvikling lagt stor vekt.
– I løpet av dei 15 siste åra fylkeskommunen har delt ut utviklingsstipend, ser vi at dei utøvarane som har fått vårt stipend representerer fylket og idretten på ein veldig god måte både nasjonalt og internasjonalt. Eitt døme er Sverre Lunde Pedersen frå Os kommune. Denne skøyteløparen går for Fana idrettslag og fekk i fjor utviklingsstipendet. Han har teke steget opp i seniorkonkurransar og nærmar seg deltaking i Olympiske leikar, sa leiar i kultur- og resssursutvalet, Helge Andre Njåstad, under utdelinga av årets fem utviklingsstipend.
Olympiatoppen Vest-Norge har bidrege i prosessen med å vurdere kven av dei 66 søkjarane som var best kvalifisert til å ta imot Hordaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend for 2009. På basis av dette har Kultur- og ressursutvalet vedteke å løyve 125.000 kroner i utviklingsstipend fordelt på følgjande fem utøvarar i år:
1. Stein Arve Lone er 42 år og spelarutviklar i fotball, i Løv/Ham – Adeccoligaen.
Han har i fleire år vore hovudtrenar i ulike lag, med fokus på utvikling av unge utøvarar, m.a. i Vadmyra IL og i Fyllingen. Stein Arve var sentral i etableringa av toppidrettslina på Tertnes vgs. og Voss vgs. i 2006, og har hovedansvar for fotballtilbodet. Han er instruktør på Norges Fotballforbund sine talentleirar, spelarutviklar i Hordaland fotballkrets og vil fullføre NFFs trenar III (A-lisens) i mars 2010. Stein Arve bur i Bergen kommune.
2. Torbjørn Aamelfot er 18 år og spelar sin tredje sesong for Fyllingen elite. Han går sitt tredje år på toppidrettslina på Tertnes vgs., og er teken ut til Rekruttlandslaget og Super Cup i Tyskland med A-landslaget. Torbjørn har gull i Bylag, Regionslag, Interregional serie og Sparserien. Vidare blei han seriemester i Eliteserien i 08-09, da han også var med i Europa Cupen. Championsleague, EM Tsjekkia og VM Egypt står også på merittlista hans. Bergensaren sin draum er å bli utanlandsproff. Torbjørn kjem frå Bergen kommune.
3. Hilde Fenne er 16 år, ung og lovande vossing. Ho er med på juniorlandslaget i skiskyting, og har ei lang merittliste, mellom anna topplasseringar i Hovudlandsrennet (også i langrenn), Kvalfossprinten, Vestlandsmeisterskapen, Yongstar 2009 og sommar NM i 2009. Målet hennar er å bli ein av verdas beste i skiskyting. Ho bur i Voss kommune, der ho er elev på toppidrettslina på Voss Gymnas.
4. Kåre Helvik Morken er ein 21 år gamal volleyballspelar med 19 juniorlandskampar og 16 A-seniorlandskampar bak seg. Han blei Noregsmeister i gutar U21, med Nyborg VBK i 2009, der han blei kåra til meisterskapet sin mest verdifulle spelar. Laget hans tok senior elite gull i eliteserien i 2009. Kåre sitt mål er å bidra til å nå Norges Volleyballforbund sitt mål om å bedre dei internasjonale resultat inkludert kvalifisering til internasjonale meisterskap og Olympiske leikar. Han bur i Bergen kommune.
5. Håkon Jarvis Westergård er 17 år og orienteringsløpar for Varegg IL i Bergen. Han tok NM-sølv i langdistanse, 4. plass sprint-NM og 5. plass mellomdistanse NM. Vidare har han to 2. plassar i Norges-cupen, sølv, bronse og 8. plass i Junior European Cup 2009, i tillegg til ein 4. plass i nasjonal Craft-Cup for H17-18. Det store målet for 2010 sesongen er VM junior i Danmark.
Hordaland fylkeskommune gratulerer våre framifrå idrettsutøvarar med velfortent heider!

Leiar av kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad (t.v) og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg delte ut utviklingsstipend til Stein Arve Lone, Torbjørn Aamelfot, Hilde Fenne, Kåre Helvik Morken og Håkon Jarvis Westergård. (foto: Stanley Hauge)