Klimaplan for Hordaland
Det internasjonale klimatoppmøtet starta 7. desember i København. Fylkesordføraren tok opp klimakrisen i talen sin og sa at Hordaland fylkeskommune har som mål å redusere klimautsleppa. Høyringsutkastet til ”Klimaplan for Hordaland 2010-2020” blir lagt fram for fylkesutvalet 16. desember og skal deretter ut på brei høyring.
Vi treng eit globalt klimaregime
– I desse dagar er verdas auge retta mot det internasjonale klimatoppmøtet med representantar frå 194 land. I løpet av halvanna veke skal dei kome fram til ein forpliktande avtale om reduserte klimautslepp. Vi treng eit globalt klimaregime for å redusere utsleppa. Det må til for å stoppe den globale oppvarminga som fører til at havet stig, jordbruksland blir lagt øyde, vassressursane minkar, heile økosystem blir øydelagde, og det blir fleire naturkatastrofar.
Må følgjast opp lokalt
Fylkesordføraren sa at internasjonale avtalar må følgjast opp lokalt for at dei skal få effekt.
– Vi må gjere vår del. Utkastet til klimaplan for Hordaland er blitt ein svært omfattande plan. Den går relativt grundig inn på sentrale aspekt ved klimautfordringane, og likeeins går den relativt grundig inn på kva handlingsrom vi har i Hordaland til å gjere noko med dei.
Satsing på el-bilar
Klimaplanen for Hordaland tek opp samanhengen mellom arealbruk og transport.
– Utsleppa frå transport har auka særleg kraftig i Hordaland. Strategiar for å redusera utsleppa frå transport er å redusere transportbehovet mellom anna med samordna areal- og transportplanlegging, meir offentleg og meir miljøvenleg transport, avgrense biltrafikken og redusere utslepp frå køyretøya. Med den høge elkraftproduksjonen vi har, er elektrifisering av køyretøya særleg relevant her i fylket.
Fleire må reise kollektivt
Å redusere privatbilismen og få fleire til å reise kollektivt, er eit mål for Hordaland fylkeskommune for å redusere klimautsleppa, sa fylkesordføraren.
– Samstundes er det viktig å redusere utsleppa frå kollektivtrafikken. Bybanen i Bergen blir eit viktig bidrag i den samanheng. I går kom den første av bybanevognene frå Tyskland. For Hordaland fylkeskommune er kjøpet av 12 vognsett og tilrettelegging ei investering på ca. 270 millionar kroner.
Meir miljøvennleg drivstoff
Vidare sa fylkesordføraren at utlysinga av dei to store bussanboda i Bergen sentrum og Bergen nord er utsett for å få ei ny vurdering av kva drivstoff bussparken skal nytte.
– Fylkesrådmannen kjem tilbake med ei sak om val av drivstoff/miljøteknologi i kollektivtrafikken til fylkestinget i mars.
Størst utslepp av klimagassar
Fylkesordføraren kom inn på utfordringane Hordaland har for å redusere utsleppa.
– Vi er det fylket i landet som har størst utslepp av klimagassar. Utslepp frå Mongstad og Kollsnes står for 44 prosent av utsleppa i fylket, mens av resten står transport for 50 prosent. Hordaland er også det største vasskraftfylket. I klimaplanen er målet å redusere energibruken, i størst mogleg grad bruke fornybar energikjelder, vere ein føregangsregion i produksjon av fornybar energi og ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning.
Godt samarbeid med Bergen kommune
Fylkesordføraren trekte fram det gode samarbeidet med Bergen kommune.
– Samarbeidet med Bergen kommune har vore viktig i planarbeidet, og vil vere det framover. Eg vil også trekkje fram at Bergen kommune har gjort eit godt arbeid med sin eigen «Klima- og energihandlingsplan». For fylkeskommunen er det nyttig og verdifullt at den absolutt største av kommunane i fylket alt er klar med sin klima- og energiplan, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg mellom anna i talen sin.
Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen