Fylkeskommunen overtek riksvegar og ferjer

I samband med forvaltingsreforma pr. 1.1. 2010 overtek Hordaland fylkeskommune 85 % av det som i dag vert kalla «øvrige riksvegar» og 16 ferjesamband fylket. Statens vegvesen skal framleis vera sams vegadministrasjon for riks- og fylkesvegnettet. Fylkesko

Fylkesvegar

I 2009 er det 1 758 km fylkesvegar i Hordaland. Frå 2010 vert 1 134 km øvrige riksvegar omklassifiserte til fylkesvegar. Alle desse vegane får nemninga fylkesvegar og fylkesvegnettet vert på ca. 2 900 km frå komande årsskifte.

Nokre av dagens øvrige riksvegar vert framleis eit statleg ansvar. Her i fylket er det om lag 135 km. Saman med dagens stamvegar (613 km) får desse vegane nemninga riksvegar. Samla riksveglengd i Hordaland frå 1.1. 2010 er 748 km.

Fylkeskommunen er frå 1.1. 2010 den nye store vegeigaren med fire gonger så  mykje veg som staten.

Oversikt over riksvegar som vert fylkesvegar frå 1.1.2010 (pdf-fil)

Oversikt over riksvegar i Hordaland frå 1.1.2010 (pdf-fil)

Kartet viser oversikt over vegar i Hordaland og til nabofylka som vert riksvegar i 2010 (raud strek) og riksvegar som vert fylkesvegar i 2010 (grå strek).
Kartet viser oversikt over vegar i Hordaland og til nabofylka som vert riksvegar i 2010 (raud strek) og riksvegar som vert fylkesvegar i 2010 (grå strek). 

Fylkesvegplan

Ein ny fylkesvegplan – «Handlingsplan for det fylkeskommunale vegnettet i Hordaland 2010-2013(19)» – vart vedteken av fylkestinget 9. desember 2009.

Handlingsplan for det fylkeskommunale vegnettet i Hordaland 2010-2013(19) (pdf-fil)

Hodnanes – Jektevik er eitt av dei 16 ferjesambanda fylkeskommunen overtek ansvaret for 1.1.2010.Ferjesamband

Av dei 19 ferjesambanda i Hordaland får fylkeskommunen ansvaret for 17 frå 1.1.2010. Dei to sambanda som staten framleis skal ha ansvar for er Halhjem-Sandvikvåg og Bruravik-Brimnes.

Hodnanes – Jektevik er eitt av dei 16 ferjesambanda fylkeskommunen overtek ansvaret for 1.1.2010.

Ferjesamband som Hordaland fylkeskommune har ansvar for pr. 1.1.2010 (pdf-fil)

Administrasjon

Organiseringa med at Statens vegvesen er sams vegadministrasjon for fylkes- og riksvegnettet skal halda fram. Eit samhandlingsdokument for ansvars- og oppgåvefordeling mellom fylkeskommunen og vegvesenet frå 1.1.2010 er utarbeidd. Gode rutinar for samarbeidet skal utviklast vidare gjennom fullmakter, møte og informasjonsutveksling.
 For å vera eit aktiv «vegeigar» skal fylkeskommunen byggja opp kompetanse for å ivareta vegeigarfunksjonen overfor vegvesenet, kommunar og andre. Samferdselsavdelinga til fylkeskommunen vert nyorganisert og styrkt med nokre nye stillingar.
 Statens vegvesen si inndelinga av regionvegkontora med distrikt innan fylka og på tvers av fylkesgrenser vert lagt ned. I staden vert det oppretta fylkesvise einingar.

Nytt fylkesvegnett – oppgåvedeling fylkeskommunen - vegvesenet (pdf-fil)

Statens vegvesen: Vegar skifter eigar

Økonomi

Til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet skal Hordaland fylkeskommune bruka 386 mill. kr i 2010. Samanlikna med 2009-budsjettet på 107 mill. kr er det ein kraftig auke. Budsjettet er auka tilsvarande den summen staten har sendt med den nye delen av fylkesvegnettet.
 Til drift av dei 17 ferjestrekningane skal fylkeskommunen bruka 308,2 mill. kr i 2010. Medan 2009-budsjettet er på 16,2 mill. kr for ei fylkesvegferje og to kombinerte riks- og fylkesvegferjer.

Investeringar

Investeringsbudsjettet for fylkesvegar i 2010 er på heile 1 664,6 mill. kr. Av denne summen skal 569,2 mill. kr finansierast med fylkeskommunale midlar, 927,3 mill. kr er bompengar, 50 mill. kr forskotteringar, og 118,1 mill. kr tilskot.

Staten har oppretta ei ordning med rentefrie lån til vegbygging. Ramma for 2010 er sett til 2 milliardar kroner på landsbasis. Hordaland er tildelt 176 mill. kr av denne ramma og vil nytta seg av dette.

Investeringar i fylkesvegar i Hordaland 2010-13 (pdf-fil)

Fylkeskommunen har frå 1.1. 2010 ansvar for drift og vedlikehald av ca. 2 900 km fylkesvegar i Hordaland – fire ganger lengda av riksvegane i fylket.
Fylkeskommunen har frå 1.1. 2010 ansvar for drift og vedlikehald av ca. 2 900 km fylkesvegar i Hordaland – fire ganger lengda av riksvegane i fylket.

Stanley Hauge 29.12.2009 14:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart