Fylkeskommunen får nye viktige oppgåver i 2010

– Fylkeskommunen får nye og viktige oppgåver når forvaltingsreforma vert sett i verk frå 1. januar 2010. Det regionalpolitiske ansvaret vårt vert styrkt på fleire område og vi vert ein endå viktigare samarbeidspart for kommunar, næringsliv og organisasjon

FYLKESDØRA: Med dei mange nye oppgåvene vert fylkeskommunen ein endå viktigare samarbeidspart for kommunar, statsetar, organisasjonar og næringsliv, seier fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg.– Med ansvar for store delar av vegnettet i fylket, kollektivtrafikken med båt og buss – og bybana i Bergen, vert fylkeskommunen sine oppgåver innan samferdsel omfattande frå årsskiftet. På dette feltet vert vi ein dominerande aktør, seier fylkesordføraren.

– Med fleire andre nye oppgåver som tildeling av oppdrettskonsesjonar, større ansvar for folkehelse og behandling av landbrukssaker aukar også spennvidda i fylkespolitikken og dei regionalpolitiske oppgåvene våre.

FYLKESDØRA: Med dei mange nye oppgåvene vert fylkeskommunen ein endå viktigare samarbeidspart for kommunar, statsetatar, organisasjonar og næringsliv, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Samferdsel

– Den største nye oppgåva fylkeskommunen får er innan eit felt som svært mange er opptekne av og synest er viktig: Samferdsel. Vi overtek ansvaret for 85% av det som i dag vert kalla «øvrige riksvegar» og 16 ferjesamband.

– Med det store behovet for opprusting og ny utbygging av dette vegnettet, vert det ei stor utfordring, seier fylkesordføraren.

Avgjerdsrett

– For det «øvrige» riksvegnettet som no vert fylkesvegar, vil omlegginga gje kortare veg fram til vedtak. No vert det fylkestinget som skal ta avgjerd i slike saker, trekkjer fylkesordføraren fram.

Unntak frå denne regelen er bompengeprosjekt som uansett om dei er på kommune-, fylkes- eller riksvegar framleis skal avgjerast av Stortinget.

Les meir om samferdselsoppgåvene: Fylkeskommunen overtek riksvegar og ferjer

Økonomi

– Sender staten med nok pengar til å løysa samferdselsoppgåvene?

– Ut frå det store etterslepet i vedlikehald og utbygging burde det følgd meir pengar med. Ved overtakinga er det også slik at det følgjer med bindingar til igangsette og vedtekne prosjekt som vil ta ein svært stor del av midlane vi får som «medgift». Dei næraste åra vert det lite «frie» midlar og dermed ei stor utfordring å finna plass til nye prosjekt.

Fiskeforvalting 

 – Innan fiskeforvaltinga får vi ansvar for ei rekkje oppgåver som i dag er statlege. Tildeling og endring av oppdrettsløyve og havressursforvalting, vert spennande oppgåver i det store fiskeri- og oppdrettsfylket som Hordaland er, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Landbruk

Fylkeslandbruksstyret, som er statleg og har Fylkesmannen som sekretariat, er lagt ned frå 1.1. 2010 og oppgåvene delte mellom fylkeskommunen og Fylkesmannen. Fylkeskommunen overtek landbruksstyret sin rett til å uttala seg om landbrukspolitiske saker og gje innspel til dei årlege landbruksoppgjera. Som regional planstyresmakt skal fylkeskommunen handheva dei nasjonale landbrukspolitiske målsetjingar på arealområdet som til dømes jordvern.

Folkehelse

Fylkeskommunen for auka ansvar for folkehelsearbeidet frå årsskiftet. – Vi skal vera pådrivar for og syta for samordning av folkehelsearbeidet i fylket. Det skal vi gjera gjennom regional utvikling og planlegging i godt samarbeid med Fylkesmannen og kommunane, seier fylkeordføraren.

Forskingsfond

Dei nye regionale forskingsfonda, der vi er i region saman med Rogaland og Sogn og Fjordane, vert ei spennande nyskaping, som fylkesordføraren ser fram til med stor forventing.
 – For 2010 reknar vi med å få 40 mill. kr til fordeling. Desse midlane vil vi setja inn i forsking som er særleg relevant for den regionale utviklinga i fylket vårt og på Vestlandet, seier Selsvold Nyborg.

Innovasjon Noreg

– Eg vil også trekkja fram at fylkeskommunane skal sterkt inn på eigarsida i Innovasjon Noreg med 49 % av aksjekapitalen. Dette er svært positivt og vi gje oss ei sterkare hand på rattet i høve satsinga på utviklingsoppgåver i Hordaland. Kombinert med samarbeidet vi skal få til i forskingsregionen, vil dette styrkja næringslivet i fylket vårt betydeleg, framhevar fylkesordføraren.

Andre felt

Forvaltingsreforma gjev også fylkeskommunen viktige oppgåver knytt til miljø og klima, friluftsliv, forvalting av vilt og innlandsfisk, konsesjonshandsaming av mikrokraftverk, kultur og opplæring.

– Innan fleire av desse felta har vi alt gjort viktig planarbeid. Plan for småkraftverk er vedteken og utkastet til klimaplan er sendt på høyring. Vi må utarbeida strategi for tilskot til kulturbygg som vi får større ansvar for. Den lange tradisjonen vår med eit stort fagskuletilbod skal vi følgja opp når vi no får tilbake også finansieringsansvaret for desse skulane, fastslår fylkesordføraren.

Hordaland fylkeskommune overtek frå 1. januar 2010 rolla som styresmakt for vassregion Hordaland.

Samarbeid

– Det gode samarbeidet vi har etablert med kommunar, utdanningsinstitusjonar, næringsliv og organisasjonar er ei solid plattform for dei nye oppgåvene vi skal i gang med, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Lenkjer

Brev frå Kommunal- og regionaldepartementet 14.12.09: Oversikt over nye oppgåver for fylkeskommunane frå 1. januar 2010.

Pressemelding frå kommunalministeren: Forvaltingsreforma blir gjennomført 1. januar 2010 

Stanley Hauge 29.12.2009 15:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart