Det første economuseet opna i Hordaland

– Oselvarverkstaden er det første economuseum som blir opna i Hordaland. Os var raskt ute og slo til før dei andre kommunane i fylket. Det er kjekt å besøke eit samfunn med driv i, sa leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Helge Andre Njåstad, un

Oselvaren blir det første economuseet i Hordaland: Leiar av kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad (f.v.), prosjektleiar Terje Inderhaug, styreleiar Claude Dubé frå Canada og ordførar Gunnar Bakke i Bergen, med ein kopi av ein oselvar i format 1:7 laga av båtbyggjar Berit Synnøve Osmundsen.
Oselvaren blir det første economuseet i Hordaland: Leiar av kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad (f.v.), prosjektleiar Terje Inderhaug, styreleiar Claude Dubé frå Canada og ordførar Gunnar Bakke i Bergen, med ein kopi av ein oselvar i format 1:7 laga av båtbyggjar Berit Synnøve Osmundsen. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Det andre i Europa
Economuseum Oselvarverkstaden er ikkje berre det første i Hordaland. Det er og det andre i Europa.
– Heile poenget med economuseum er å kombinere økonomi og museum. Vi må unngå at oselvaren kjem på museum. Vi må få den i aktivitet mens handverket framleis lever og kople handverkstradisjonane med eit visingssenter. Etter planen skal det etablerast 18 economuseum i Europa og Canada, derav fire i Hordaland, sa Njåstad og helsa og gratulerte frå Hordaland fylkeskommune.

Seks båtar i året
Eit economuseum er retta mot reiselivet der ei levande handverksverksemd blir kombinert ved å setje handverkstradisjonane inn i historisk samanheng.  Her kan ein sjå korleis handverket blir utført i praksis. Dette blir kombinert med eit visingssenter med utstilling og dokumentasjon, i tillegg til ein butikk der ein kan kjøpe suvenirar og bestille båt. Kapasiteten er seks båtar i året, og vi har ei ventetid på to år, opplyser dagleg leiar Åsmund Lien.

Ingebjørg Astrup var, som kultursjef i Os, ein sterk pådrivar for å få etablert Oselvarverkstaden på Osøyro, her omkransa av båtbyggjarane Harald Dalland (t.v.) og Leif Harald Amundsen.
Ingebjørg Astrup var, som kultursjef i Os, ein sterk pådrivar for å få etablert Oselvarverkstaden på Osøyro, her omkransa av båtbyggjarane Harald Dalland (t.v.) og Leif Harald Amundsen.

17 millionar kroner i støtte frå EU
Hordaland fylkeskommune er pådrivar for å få etablert economuseum i Nord-Europa, Canada og Grønland. Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune er prosjektleiar for det internasjonale prosjektet som skal etablere 18 economuseum. EU har gjeve rundt 17 millionar kroner i støtte til å gjennomføre prosjektet over tre år.

Får eit nytt liv
Styreleiar og professor i byplanlegging og arkitektur, Claude Dubé, frå Canada, takka i helsingstalen sin alle som er med på å gi oselvaren eit nytt liv.
– Med dette tar vi vare på oselvaren både for regionen, nasjonen og heile verda. Tradisjonen med å byggje klinkbygde båtar går no i arv. Vi er stolte over å ha Oselvarverkstaden med i nettverket vårt, sa Claude Dubé.

Os går foran
Ordførar i Bergen, Gunnar Bakke, sa at dette var ein stor dag der Os går foran.
– Men oselvaren gjeld ikkje berre Os, den høyrer heime i heile Bergensregionen. Oselvarverkstaden skal vise fram båten og handverket i drift. Oselvaren er ein god ambassadør som economuseum. Håpar det inspirerer andre til å satse på economuseum. Tusen takk til fylkeskommunen som er pådrivar og stillar opp, sa ordførar Gunnar Bakke.

I Economuseum Oselvarverkstaden skal handverket visast gjennom bygging av båtar kombinert med eit visingssenter med utstilling og dokumentasjon, og ein butikk.
I Economuseum Oselvarverkstaden skal handverket visast gjennom bygging av båtar kombinert med eit visingssenter med utstilling og dokumentasjon, og ein butikk.

Ein halv million kroner
Prosjektleiar Terje Inderhaug opplyser at det har kosta ein halv million å etablere det første economuseet i Hordaland. Os kommune har betalt 300.000 kroner, mens 200.000 kroner er delt mellom EU-prosjektet og Oselvarverkstaden. Pengane er brukt til ombygging og utstilling.

18 nye economuseum
Konseptet economuseum er frå Canada der det er bygt opp 50 economuseum gjennom dei siste 20 åra. Gjennom EU-prosjektet som Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune leiar, skal det etablerast 18 economuseum i Noreg, Grønland, Island, Færøyane, Irland, Nord-Irland og Canada. Det første economuseet i Europa var Aurslandskoen, som opna i Sogn i juli i år. I følgje Inderhaug skal dei tre neste opne i Hordaland i 2010.

Tradisjonar
Oselvarverkstaden på Osøyro vart opna i juni 1997 for å ta vare på båtbyggjarhandverket i samsvar med tradisjonar og strenge krav til kvalitet, og å føra båtbyggjarkunnskapen vidare til nye generasjonar ved systematisk og grundig opplæring av nye båtbyggjarar. Oselvarverkstaden er ei stifting etablert etter tiltak frå Os kommune med støtte frå Norsk kulturråd og Hordaland fylkeskommune.

Det første economuseet i Hordaland ligg sentralt til i Os sentrum.
Det første economuseet i Hordaland ligg sentralt til i Os sentrum.

Bjarte Brask Eriksen 11.12.2009 17:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart