Delvis bompengefinansiering av E134 Haukeli- Seljestad

Fleirtalet i fylkesutvalet går inn for at arbeidet med delvis bompengefinansiering av utbygging av E134 Haukeli-Seljestad held fram.

Fylkesutvalet gjekk vidare inn for at det vert nytta parallellinkrevjing og etterskotsinnkrevjing. Som eit alternativ vil fylkesutvalet be om at prosjektet også vert vurdert som eit OPS prosjekt.

Terje Søviknes (Frp) og Sunniva Schultze Florey (Rødt) sette fram forslag til nytt pkt 1: ”Fylkesutvalet er svært positive til utbyggjing av miljøtunnelar og utbetring av E134 Haukeli-Seljestad, men meiner at det er eit statleg ansvar å fullfinansiera prosjektet.” Dei røysta og mot at det vert nytta parallellinkrevjing og etterskotsinnkrevjing. Ap og SV røysta imot å vurdere prosjektet som eit OPS-prosjekt.

Statens vegvesen Region vest har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, og med lokalpolitisk tilslutnad til utgreiingsarbeidet, utarbeida ein ”mulighetsstudie” for delvis bompengefinanisering av utbygging av E134 Haukeli – Seljestad. Studien låg føre 12.05.2009. Høyringsfristen er sett til 1.9.2009.

Statens vegvesen finn, basert på modellberekningar, at det er mogleg å finansiera prosjektet med delvis bompengefinansiering. Ikkje i nokon av scenaria, alternativa eller variantane som er berekna (med unnatak av to variantar der trafikkreduksjonen er fast) er det funne at trafikken etter opning blir redusert som følgje av innføring av bompengar. I studien vert det understreka at trafikkberegningane er uvisse og at det er mange feilkjelder.

Dersom ein vel å gå vidare med eit opplegg for bompengefinansiering, må det derfor og arbeidast vidare med trafikkberekningane og grunnlagsdata for desse.

27.08.2009 12:46
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart