Tilsette i fylkeskommunen i beredskap mot pandemi

Vi planlegg for 25 prosent fråver blant tilsette og brukarar og spreier informasjon om enkle hygienetiltak i alle fylkeskommunen sine aktivitetsområde.

Hordaland fylkeskommune er førebudd på å møte ein pandemisk influensa (svineinfluensa) i løpet av hausten og vinteren. Vår beredskapsplan byggjer på informasjon og rettleiing frå nasjonale styresmakter og vil i hovudsak omfatte transporttenester, vidaregåande skular og tannhelsetenesta.

I utgangspunktet går drifta i fylkeskommunen sine tenester som normalt. Vi førebur oss likevel på ein situasjon med eit arbeidsfråver på 25 prosent eller høgare. Vert omfanget av influensaen stort, vil vi vurdere reduksjonar i drift og andre tiltak.

Skular, kollektivtransport og stader der mange menneske samlast er særleg utsette for spreiing av influensasmitte. Alle kan bidra i denne situasjonen med enkle førebyggjande tiltak. Les meir om dette og om pandemien generelt på www.pandemi.no.

Vanar som førebyggjerHer finst også lenkje til informasjonsmateriell, m.a. plakaten Vanar som førebyggjer, som vi har oppmoda avdelingar og einingar om å bestille/laste ned og henge opp godt synleg for både tilsette og brukarar (elevar, pasientar, passasjerar på buss/båt, m.fl.).   

Informasjon til avdelingar/einingar i Hordaland fylkeskommune
Avdelingane/einingane i Hordaland fylkeskommune har fått slik melding:

”Alle avdelingar i fylkesadministrasjonen og ytre einingar (skular, OT/PPT, Skyss og tannhelsedistrikta) skal iverksetje førebyggjande tiltak i samsvar med råd frå nasjonale helsestyresmakter. Desse tiltaka går på hygiene, desinfeksjon, m.v.

For tilsette i Hordaland fylkeskommune er det laga ei eiga ”pandemi-side” på intranett med lenkjer til relevant informasjon og materiell. 

Planlegg for 25 prosent arbeidsfråver!
Både administrative avdelingar og ytre einingar skal umiddelbart leggje planar for å førebu ein situasjon med om lag 25 prosent arbeidsfråver blant dei tilsette.

Spørsmål som bør avklarast
1. Kva vil eit slikt fråver innebere for verksemda, direkte og indirekte?
2. Korleis vil avdelinga/eininga løyse dette?
3. Kva kjerneoppgåver må løysast uavhengig av situasjonen?
4. Kva for oppgåver kan, om naudsynt, nedprioriterast for ein periode?
5. Kven kan utføre kjerneoppgåver utover den faste bemanninga?
6. Kva for nye oppgåver vil ein influensapandemi kunne medføre for avdelinga?

Skular vil kunne oppleve høgt fråver både blant tilsette og elevar – og må sjølvsagt førebu for eventuelle driftsmessige konsekvensar og tiltak. Vi understrekar at det er den einskilde kommune og den lokale helsetenesta som skal gi helsefagleg rettleiing i høve til den konkrete situasjonen ved skular og andre einingar.

Kommunehelsetenesta er også den instans som skal rapportere om konkrete tilfelle av pandemisk influensa til Fylkesmannen i Hordaland v/fylkeslegen. Rektorar treng difor ikkje rapportere om enkelttilfelle av pandemisk influensa til opplæringsavdelinga.

NB: Skular som opplever høgare enn 15 prosent fråver blant tilsette og/eller elevar skal likevel straks ta kontakt med opplæringsavdelinga.

Kontaktperson på opplæringsavdelinga:
Seksjonsleiar Anne Hjermann, tlf. 55 23 95 54 

Tannhelseklinikkane har generelt gode rutinar for smittevern og hygiene. Fråver blant tilsette som fylgje av influensa skal vurderast løpande og einingane må planleggje for driftsmessige konsekvensar og tiltak ved høgt fråver.

Kontaktperson på tannhelseavdelinga:
Seksjonsleiar Anne Høgestøl, tlf. 55 23 90 81 

Samferdselsavdelinga / Skyss veit at bussjåførar og tilsette på passasjerbåtar, tilliks med reisande passasjerar, vil vere i risikosona for influensasmitte. Det er difor særs viktig at plakaten Vanar som førebyggjer vert gjort synleg for alle som nyttar kollektivtransport. 

Skyss/driftsansvarleg må elles syte for at leverandørar av buss- og båtrutetenester straks innrapporterer forhold som kan framtvinge driftsmessige konsekvensar og/eller redusert rutetilbod.

Kontaktperson på samferdselsavdelinga:
Nestleiar Rolf Rosenlund, tlf. 55 23 93 60 

Kontaktperson hjå Skyss:
Driftssjef Bjarte Årvik, tlf. 55 23 94 91 / mobil 93 20 35 50

Tilsette bør generelt retta spørsmål til næraste overordna leiar.”

Informasjonen knytt til influensa-pandemien er koordinert av organisasjonsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Kontaktpersonar
Seniorrådgjevar Arild Sondre Sekse, tlf. 55 23 91 60 
HMT-rådgjevar Øystein Brungot, tlf. 55 23 94 21 / 55 23 94 30 
HMT-rådgjevar Bjørn-Atle Mikkelsen, tlf. 55 23 94 28 / 55 23 94 30 

Relevante lenkjer
11.08.2009 Hordaland er førebudd på pandemi (svineinfluensa) 

Influensa-pandemi (samleside)

20.08.2009 08:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart