
Rune Søvik og Nilmar Søvik i Oselvarlaget mottok trofeet frå generalsekretær Øyvind Stene som prov på at Oselvaren er Noregs nasjonalbåt.
Oselvarar tok i mot generalsekretæren i Redningsselskapet, Øyvind Stene, då han kom med redningsskøyta "Bjarne Kyrkjebø" til Os for å dela ut prisen Noregs nasjonalbåt. Mange godord, takk og helsingar vart overrekt før dagens høgdepunkt då Stene overleverte sølvplaketten til Nilmar Søvik og Oselvarlaget som eit synleg prov på at Oselvaren hadde vunne nasjonalbåtkåringa.
Oselvaren vann tittelen i Redningsselskapet si kåring av Norges nasjonalbåt med 18.000 fleire SMS-røyster enn båt nummer to, Åfjordsbåten, og med 112.000 fleire røyster enn nummer tre på lista, Nordlandsbåten.
Hyllingsdikt
Åsmund Lien i Oselvarlaget framførde sitt eige hyllingsdikt til Oselvaren før forfattar Kjell Magnus Økland presenterte soga til Oselvaren. Styreleiar i Oselvarverkstaden, Atle Ove Martinussen, peika i sin takketale på den store lokale, regionale og nasjonale betydninga Oselvaren har hatt for kysten. Han peika på kor viktig det er å sikra og føra tradisjonen og kunnskapen vidare, og særleg den betydninga båten har og har hatt for heile kystsoga og kystrørsla.

Ordførar Terje Søviknes i Os takka alle som har bidrege for å ha halde denne tradisjonen i hevd og bringer den vidare. – Ikkje minst båtbyggjarane sjølve og dei unge som er lærlingar her i dag. Særleg alle eldsjelene, og ikkje minst Rune Søvik som koordinerte det heile, slik at at vi vann denne heftige striden i Redningsselskapet si kåring. No må arva bringast vidare, og vi må samarbeida med alle dei ulike miljøa. Vi kan starte med ei vennskapleg tevling mellom Oselvaren og Åfjordbåten, sa Søviknes.
- Redningsselskapet si kåring av Noregs nasjonalbåt er eit kjempetiltak for å skapa merksemd om kystkulturen og kystrørsla, og det er godt å sjå all entusiasmen det har skapt, sa statssekretær ved statsministerens kontor, Per J. Jordal då han takka på vegne av Regjeringa.
- Tilliten verdig
- Eg vil gje blomebuketten til Harald Dalland, fordi den kunnskapen han representerer var avgjerande for meg då løyvinga om å støtta etableringa av Oselvarverkstaden vart teken, sa mellom anna fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i si helsing.
Båtbyggjarane Leif Harald Amundsen (t.v), Maik Riebort, Berit Osmundsen, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, Nilmar Søvik, generalsekretær Øyvind Stene i Redningsselskapet og Harald Dalland under markeringa av at Oselvaren er kåra til Noregs nasjonalbåt.
- Kåringa av nasjonalbåten er ein naturleg del av Kulturminneåret, og denne helga gjer RS14 sin siste seglas før den skal på Sjøfartsmuseet i Oslo. Oselvaren er ein verdig og god representant for båtbyggjartradisjonen og kystkulturen, og vil bera tittelen med verdigheit, sa generalsekretær Stene i Redningsselskapet ved overrekkinga av trofeet.
- Eg må få takka alle i og utanfor Hordaland som har engasjert seg i kåringa, noko som forresten berre skulle mangla, og denne store æra stiller krav til oss om å bere kulturarva vidare. Oselvarverkstaden vil nok vise seg tilliten verdig, slo Nilmar Søvik fast i blitzregnet under tildelinga.