Oselvaren kjempar mot Åfjordbåten om å verta Noregs nasjonalbåt. Du kan delta i avstemminga som er i regi av Redningsselskapet fram til 17. august.
Gå inn på rednings-selskapet si heimeside og ver med å røysta fram den tradisjonsrike båten frå Hordaland til å verta Noregs nasjonalbåt.
Røysting skjer ved å sende ein SMS-melding: BÅT 2 til 2225. Det koster tre kroner pr. melding og inntektene går til Redningsselskapet.
Kjempeambassadør
Oselvaren er viden kjend i både inn- og utland og er ein kjempeambassadør for kystkulturen på Vestlandet.
Historisk sett er båten ein bruksbåt og har vore mykje nytta til fiske og transport langs kysten gjennom generasjonar. Som einaste stad i landet er Oselvaren framleis i full produksjon i Oselvarverkstaden i Os. I dag er båten mykje nytta til rekreasjon gjennom seiling og roing.
Tradisjon attende til vikingtida
Den staselege trebåten har båtbyggjartradisjonar som kan sporast attende til vikingtida, og kan såleis bli ein verdig vinnar av tittelen Noregs nasjonalbåt.
Lenkjer
Om oselvaren
Oselvarverkstaden