Også fylkesordføraren etterspør Giske si pilegrimssatsing i Hordaland

Etter at statsråd Trond Giske la fram ny versjon av den nasjonale pilegrimssatsinga, har mange uttrykt undring over at Røldal ikkje lenger var nemnd. Mellom anna har leiar for prosjektgruppa for pilegrimssenteret i Røldal, pensjonert biskop Ole D. Hagesæt

– For heile Hordaland er dette ei viktig sak, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Røldal er mellom dei mest særmerkte kyrkjestadene i landet med eit undergjerande krusifiks og ei mellomalderleg stavkyrkje. Me har lenge sett for oss ei utvikling av Røldal som pilegrimsmål. Hordaland fylkeskommune har difor finansiert forprosjektet for eit senter i samarbeid med Bjørgvin bispedømme, Odda kommune og Røldal sokneråd.

Me vart glade for at Røldal var nemnd som eit av dei regionale måla i den opphavlege rapporten om pilegrimssaka. Fylkesutvalet heldt i samrøystes vedtak 22. april i år fram innhaldet i utgreiinga som eit godt døme på korleis statleg, regional og lokal politikk på kulturfeltet kan styrke kvarandre i gjennomføringa av større prosjekt.

Signala frå statsråden på pilegrimskonferansen i Trondheim 3. august, kan tyde at Røldal ikkje lenger vil få statleg merksemd. Dette kan me ikkje utan vidare gå med på, seier fylkesordføraren.

Me er sterkt uroa dersom satsinga utelukkande skal innrettast mot pilegrimsvegen frå Austlandet og sjølve målet i Nidaros. Til likes med dei andre partnarane i Røldalprosjektet er me sikre på at saka vert styrka med ei breiare geografisk forankring enn det som no er tenkt. Eg vil ta kontakt med statsråden og be om at staten bidreg til ei berekraftig satsing på pilegrimssaka i Røldal og i Hordaland, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

11.08.2009 15:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart