Ledige plassar etter 2. inntaksomgang

Ved dei vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune er det framleis ein del ledige plassar etter at 2. inntaksomgang er klar. Interesserte må melda seg til Inntakskontoret innan 12. august kl. 12.45.

Oversikt over ledige plassar (pdf-fil)

Ta kontakt
Dersom du er interessert i ein eller fleire av dei ledige plassane som du finn i oversikta, må du kontakta Inntakskontoret personleg eller på e-post inntak@post.hfk.no seinast 12. august kl. 12.45.

Hugs å skriva fullt fødselsnummer eller brukarnamn til www.vigo.no dersom du sender e-post. Ved personleg frammøte på Inntakskontoret må du ta med deg legitimasjon med fullt fødsels- og personnummer.

Fordeling av plassar
NB! Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er ledige plassar, blir dei ledige plassane fordelte på grunnlag av poengsum.

Sjå resultatet 14. august
Inntakskontoret har diverre ikkje kapsitet til å opplysa kor mange ledige plassar det er på kvar skule/linje. Dette vil uansett forandra seg "heile tida". Alle som registrerer seg til ledige plassar vil sjå inntaksresultatet på www.vigo.no den 14. august.

Stanley Hauge 04.08.2009 13:43
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart