Fleirtalet i fylkesutvalet godkjenner at regionvegkontoret sitt forslag til ruteopplegg vert lagt til grunn i konkurransegrunnlaget.
Ferjesambandet Hjellestad-Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy skal lysast ut på anbod, med driftstart 01.01.2012. Fylkesutvalet ber om at det vert lagt inn opsjon på ein ekstra rundtur på kveldstid måndag-laurdag. Fylkesutvalet godkjenner at noverande ferjestorleik vert lagt til grunn i konkurransegrunnlaget. Det ber om at det vert sett krav om universell utforming på ferja.
Sunniva Schultze Florey (Rødt) fremja forslag om ikkje å konkurranseutsetja dette ferjesambandet, men det fekk berre hennar eiga røyst.