Inntak til vidaregåande skolar i Hordaland etter skolestart

Alle vidaregåande skolar i Hordaland startar det nye skoleåret onsdag 19. august. Etter skolestart kan det vere ledige plassar ved ein del skolar og kurs. Dei vidaregåande skolane utanfor Bergen kommune tek sjølv inn elevar til ledige plassar etter skoles

For dei vidaregåande skolane i Bergen kommune gjeld følgjande prioriterte retningslinjer for fordeling av evt. ledige elevplassar etter skolestart:

Prioritet 1: Søkjarar med Ungdomsrett som har fått tilbod om plass ved 3. inntaksomgang på skolar/kurs som ikkje er søkt, og der elevane er plasserte ved skolar som gir svært lang reiseveg eller må bu på hybel. Denne søkjargruppa vil bli oppringt fredag 21. august eller laurdag 22. august, dersom vi kan gje tilbod om plass på skolar/kurs som søkjarane sjølv har søkt.

*****************

Prioritet 2: Søkjarar med Ungdomsrett som ikkje har fått plass på sitt første kursønskje. Denne søkjargruppa vil bli oppringt fredag 21. august eller laurdag 22. august, dersom vi kan gje tilbod om plass på kursønskje 1. Merk at det ikkje vil bli gitt nye tilbod dersom ein tidlegare i sommar har fått plass på kursønskje 1, men på ein annan skole enn den som er prioritert som nummer 1. Sjå evt. nedanfor under prioritet 3.

******************

Prioritet 3: Sundag 23. august etter klokka 19.00 blir det lagt ut ei liste over evt. ledige elevplassar ved skolane i Bergen. Oversynet finn du på www.hordaland.no. Dersom du ikkje finn ledige plassar som er interessant for deg på denne lista, har det lita hensikt å ta kontakt med Inntakskontoret.
Dei ledige plassane vil bli fordelte måndag 24. august frå klokka 08.00 til 15.00 ved personleg frammøte på Inntakskontoret, Fylkeshuset, Agnes Mowinckelsgate 5, Bergen. Plassar vil ikkje bli fordelte pr. telefon.

*********************

Torsdag 27. august etter klokka 17.00 blir det lagt ut ei ny liste over evt. ledige elevplassar på www.hordaland.no. Dei ledige plassane på denne lista vil bli fordelte frå fredag 28. august kl. 08.00 på Inntakskontoret.
Frå tysdag 1. september blir inntaket til skoleåret 2009/2010 rekna som avslutta, og førespurnader om ledige plassar må rettast til den einskilde skole.

15.08.2009 07:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart