Hordaland fylkeskommune er førebudd på å møte ein pandemisk influensa (svineinfluensa) i løpet av hausten og vinteren. Vår beredskapsplan byggjer på informasjon og rettleiing frå nasjonale styresmakter og vil i hovudsak omfatte transporttenester, vidaregå
I utgangspunktet vil drifta i fylkeskommunen sine tenester gå som normalt. Vi skal likevel førebu oss på ein situasjon med eit arbeidsfråver på 25 prosent eller høgare. Vert omfanget av influensaen stort, vil vi vurdere reduksjonar i drift og andre tiltak. Dette vil vi informere om løpande på HFK sine internettsider.
Skular, kollektivtransport og stader der mange folk samlast er særleg utsett for spreiing av influensasmitte. Alle kan bidra i denne situasjonen med enkle førebyggjande tiltak. Les meir om dette og om pandemien generelt på www.pandemi.no
Samleside om influensa-pandemi