Grind.no – kulturhistorie på internett

Boksuksessen Kulturhistorisk vegbok for Hordaland er no å finna på internett. Delar av verket er digitalisert og tilgjengeleg på nettstaden «grind.no».

Kulturhistorisk vegbok (utgjeven i 1993) og tvillingboka Naturhistorisk vegbok (utgjeven 2004) utgjer eit omfattande kunnskapsverk om Hordaland. 1. juli i år vart delar av den kulturhistoriske vegboka tilgjengeleg på nett. Seinare følgjer Naturhistorisk vegbok. Tidleg i 2010 skal engelsk versjon av mange artiklar frå vegbøkene også vera tilgjengelege.


Bilete frå grind.no

Samarbeid
Prosjektet med å få vegbøkene på nett vert gjort av Universitetet i Bergen (UiB) og Hordaland fylkeskommune saman med hovudsponsorane for prosjektet, StatoilHydro, Gjensidige og Sparebanken Vest. Gjennomføringa av prosjektet er forankra ved Bergen museum.

Redaktør for vegboka, Nils Georg Brekke, har også vore heilt sentral i arbeidet med nettutgåva. Han er no professor ved UiB.

www.grind.no
Universitetet i Bergen tek ansvaret for drifta av Grind.no, fagredaksjonen og utviklinga vidare, sa prorektor Anne Gro Vea Salvanes ved ei lanseringsamling på Solstrand Hotell og Bad i mai.

Grind.no er ein del av UiB si satsing på forskingsformidling.

Den permanente fagredaksjonen og oppfølginga av nettsidene er det Universitetsbiblioteket som skal stå for. – Vi skal utvikla Grind vidare, sa bibliotekdirektør Randi E. Taxt ved lanseringa.
 Bibliotekdirektøren trekte fram at det frå vegbokartiklane på Grind.no vil verta koplingar til andre digitale basar og arkiv. Ho trekte fram det digitale forskingsarkivet BORA (Bergen Open Research Archive), biletsamlingar, e-bøkar og digitale pensumlister.

 – Ein vil kunna gå frå artikkelen og inn i den vitskaplege oppgåva som ligg i botn, sa Taxt.

Digital lærebok
Ei viktig målgruppe for Grind.no vil vera dei vidaregåande skulane – både lærarar og elevar.

– Ved å føra forskingsformidling over i digitalt format, håpar vi å gjera born og unge nysgjerrige – pirra dei til å bruka portalen til å læra meir om Vestlandet, sa prorektor Salvanes.

– Det fascinerande ved dagens teknologi er å kunna formidla meir enklare. Eg trur dette også kan vera eit bidrag til livslang læring.

Drivkrafta Brekke
– Med sitt ukuelege pågangsmot har Nils Georg Brekke vore drivkrafta som har gjort dette prosjektet mogeleg, sa prorektor Salvanes ved lanseringa.

– På Sparebanken Vest sin Vestlandskonferanse vart det sett slik trykk på å få vegbøkene på nett, at vi berre måtte få dette til. Dette er kunnskapsbasert næringsutvikling basert på kulturhistoria vår, sa professor Rune Nielsen – tidlegare prorektor ved UiB.

Regionalt ansvar
Nielsen sa også at dette er einaste gongen eit universitet har gått inn og teke eit regionalt ansvar for kunnskapsformidling på denne måten. Fleire bøker vil koma tilsvarande på nett, sa han og trekte fram Vestlandets historie.

Stanley Hauge 17.08.2009 08:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart