Ei fråsegn om dette, som fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland var med å ta initiativet til, vart vedteken på sommarsamlinga til dei fylkeskommunale toppolitikarane på Hamar 4. august.
Viktig tiltak
«Dei fylkeskommunale fagskulane er viktige for å kunna avhjelpa dei utfordringar arbeidsmarknaden står overfor, men for å kunne ta imot alle som søkjer og er kvalifiserte, trengst det eit betydelig økonomisk løft!» heiter det i fråsegna.
Ser fram til ansvaret
Fylkeskommunane ser fram til å overta ansvaret for fagskulane og syta for at det eksisterer eit fagskuletilbod i fylka som ivaretek lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov. Føresetnaden er statleg fullfinansiering! Fylkesordførarane ventar at dette vert følgd opp i statsbudsjettet for 2010.
Viktig for Hordaland
– For Hordaland som er eit stort «fagskulefylke», er det svært viktig at staten yter tilstrekkeleg med midlar på dette feltet. I våre fagskular har vi også svært mange elevar frå andre fylke, så det er derfor viktig at tilskotet vert fordelt slik at vi får betalt for jobben vi gjer, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Fråsegn om 110 mill. kr til fagskulane
Kontaktinformasjon:
Torill Selsvold Nyborg, fylkesordførar i Hordaland: 915 22 733
Siv Tørudbakken, fylkesrådsleder i Hedmark: 908 81 352