Mot 6 røyster vedtok fylkesutvalet å gå inn for å etablera eit eige offentleg organ for tilsyn med veginfrastrukturen. Fleirtalet i fylkesutvalet støttar også fleirtalet i at departementet føretek ei fornya vurdering av om det bør opprettast eit frittståa
Mindretalet (Sp, SV og Ap) gjekk i mot å etablera eit eige offentleg organ for tilsyn med veginfrastrukturen. Dei meiner at etablering av eit vegtilsyn vil medføra ei unødig ”byråkratisering” av tryggleiksarbeidet. Ressursane til trafikksikringstiltak må heller nyttast til tiltak som ein veit har dokumenterte gode effektar.
Bakgrunnen for saka er rapporten NOU 2009:3 På sikker veg – vurdering av eit sjølvstendig organ for tilsyn med veginfrastrukturen som låg føre 16.02.2009. Samferdselsdepartementet har bedt om innspel og kommentarar til utgreiinga. Årleg er det omlag 250 som vert drepne og 1000 som vert varig skadde i trafikkulukker.
Årsakene er knytt til trafikantåtferd, køyretøyfeil og tilhøve ved veginfrastrukturen. Trafikantåtferd er medverkande årsak i nesten alle alvorlege ulukker. Men analyser og ekspertvurderingar kan tyda på at forhold ved veginfrastrukturen har vore medverkande årsak i 20-30 % av dødsulukkene. I nokre tilfelle er veginfrastrukturen også utløysande årsak til ulukker.