Beffen, som har gått i trafikk over Vågen i Bergen i meir enn hundre år, får offentleg støtte av Hordaland fylkeskommune for første gong. I tillegg blir det jobba for at Beffen kan bli verneverdig.

115 år på Vågen
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har samrøystes gjeve Beffen eit tilskot på 64.000 kroner. Pengane skal mellom anna gå til utbetring av for- og akterstavn, skifte av hudplank og utbetring av overbygg.
Beffen er ein institusjon, og trafikken over Vågen har vore nær knytta opp mot anna rutetrafikk. Bergen Elektriske Færgeselskap har drive ferjetrafikk over Vågen sidan 1894 og hadde frakta meir enn 40 millionar passasjerar ved 100 årsjubileet i 1994.
Kan få vernestatus
Beffen i dag er frå 1977 og den 12. i rekkja. Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har vore i kontakt med Riksantikvaren og har fått stadfesta at Beffen fyller vilkåra for å oppnå vernestatus og kan kome med på lista over verneverdige fartøy.
Flest verneverdige fartøy i Hordaland
Hordaland er fylket i Noreg som har den største flåten med verneverdige fartøy. Hordaland fylkeskommune bruker ein større sum kvart år til å setje i stand verneverdige båtar og halde dei vedlike. Totalt 729.000 kroner har kultur- og ressursutvalet fordelt på 12 båtar.
Desse får tilskot av Hordaland fylkeskommune:
1. D/S Oster 50.000
2. M/Y Tysso 120.000
3. MF Skånevik 70.000
4. S/J Mathilde 50.000
5. M/S Vestgar 50.000
6. D/S Stord 1 70.000
7. M/K Terje 35.000
8. S/J Oline 40.000
9. M/S Midthordland 70.000
10. Beffen 64.000
11. Åttæring 30.000
12. S/S Loyal 60.000
I tillegg har utvalet gitt 20.000 kroner til kjøp av klinkeutstyr for å oppretthalde kompetansen innanfor klinking av fartøy.
Avslag
Fem fartøy har fått avslag på søknad om tilskot. Desse er:
1. M/K Linholm
2. S/G Blåmann
3. ”Halsenøy-båten”
4. Galeasen Gurine
5. Kvalfangstbåt
Meir informasjon om dei ulike fartøya og kva pengane skal gå til (pdf-fil)