Fylkesutvalet vedtok samrøystes fordelinga av ramma for regionale næringsfond på 7,5 mill kr for 2009.
Sunnhordland kr 2 303 000
Hardanger kr 2 183 000
Voss – Vik kr 791 000
Bjørnefjorden kr 545 000
Sotra/Øygarden kr 450 000
Osterfjorden kr 633 000
Nordhordland kr 595 000
Fylkesutvalet legg til grunn at også nabofylka bidrar med midlar til fylkesoverskridande regionale næringsfond dersom desse fonda skal støtte prosjekt i nabofylket.
For å ta omsyn både til behovet for langsiktigheit med omsyn til kva regionane kan forventa av årlege tildelingar, og omsynet til å kunne gjere ulike prioriteringar på fylkesnivå, blei det i 2007 vedteke ein tredelt modell for fordeling av regionale næringsfond kor 20 % av ramma blir fordelt som eit likt basistilskott på alle regionane, 60 % av ramma blir fordelt i høve til ei ”distriktsvekting” av kvar region og 20 % av ramma blir fordelt av fylkesutvalet.