- Oselvaren ein verdig nasjonalbåt

- Gratulerer Os, Hordaland og heile Noreg. Oselvaren er viden kjend i både inn- og utland og er ein kjempeambassadør for kystkulturen på Vestlandet. Den er ein verdig nasjonalbåt og eg sende inn fleire røyster, strålar fylkesordførar Torill Selsvold Nybor

Oselvaren vant nasjonalbåt-kåringa til Redningsselskapet i skarp konkurranse med Åfjordsbåten frå Sør-Trøndelag. Over 200.000 røyster kom inn i løpet av den nesten fire månader lange avrøystinga, melder nrk.no.

- Historisk sett er Oselvaren ein bruksbåt og har vore mykje nytta til fiske og transport langs kysten gjennom generasjonar. Det er viktig at den betydninga båten har hatt lokalt og regionalt, og ikkje minst internasjonalt, vert teken vare på vidare, meiner Selsvold Nyborg.

Som einaste stad i landet er Oselvaren framleis i full produksjon i Oselvarverkstaden i Os. I dag er båten mykje nytta til rekreasjon gjennom seiling og roing.

Solid siger
- Dette vart ein solid siger for Oselvaren, kystkulturen og dugnadsånda i Os, seier ein svært fornøgd Os-ordførar Terje Søviknes til NRK.

53,4 prosent av dei 216.000 avgitte røystene gikk til Oselvaren. Åfjordbåten fekk 45,1 prosent oppslutnad.

At Os kommune har mobilisert i kampen er det inga tvil om.

- Oselvarlag, Oselvarverkstedet, private, næringsliv og kommunen fortener alle ei stor takk i dag, seier Søviknes.

Båtbyggjar Hallgeir Bjørnevik seier at det framleis er for tidleg å seie noko om kva dette vil bety for båten og salet.

Simon Sortland 17.08.2009 13:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart