Veien til Saligheden

Boka ”Veien til Saligheden” frå 1600-tallet vart høgtideleg pakka ned og magasinert av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under den offisielle opninga av det nye Fellesmagasinet for museene i Hordaland tysdag.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fekk æra av å magasinera ein gjenstand under oppsyn av kulturhistorisk konservator Anne Bjørke og direktør Atle Ove Martinussen ved den offisielle opninga av fellesmagasinet ved Bevaringstenesten i Museumssenteret i Hordaland.Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fekk æra av å magasinera ein gjenstand under oppsyn av kulturhistorisk konservator Anne Bjørke og direktør Atle Ove Martinussen ved den offisielle opninga av fellesmagasinet ved Bevaringstenesten i Museumssenteret i Hordaland.

Symbolsk nok hadde leiinga i Museumssenteret i Hordaland lagt opninga til den tradisjonelle Flyttedagen. Den ærverdige gamle Salhus Tricotagefabrik var bada i sol. Inne står 1300 rutemeter moderne, klimastabil magasinplass klar til bruk for musea i fylket og gode konserveringsfasilitetar for Bevaringstenestene.


 

Bevaringstenesten i Museumssenteret i Hordaland er det første i landet som kan tilby fellestenester for både konservering og oppbevaring av kulturhistoriske gjenstander. Rettleiing og opplæring er også ein del av tilbodet.

Merkedag
– Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt. Hordaland fylkeskommune var den fyrste fylkeskommunen i Noreg som etablerte komplette Fellestenester med magasin og konservering for sine tilskotsmusé. Det er ikkje noko nytt at Hordaland fylkeskommune tenkjer fellestenester for alle musea, og eit bevis på dette er at det er over 30 år sidan Tekstilatelieret vart etablert, nemleg i 1978, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i sin opningstale.

Ho understreka at ved å legge fellesmagasinet til eit gamalt industribygg utan at det vart dyrare enn eit nybygg slår vi eit slag for vern gjennom bruk. Fylkeskommunen har saman med Staten og private bidragsgjevarar investert 48 millionar kroner til fellesløysing for musea i Hordaland. HFK er stolt av ambisjonsnivået til Bevaringstenestene ved Museumssenteret i Hordaland. Det har allereie opparbeidd seg eit ry som nasjonalt kompetansesenter innan tekstilkonservering, og i dag er det best utstyrte tekstilatelieret i landet.

Hordaland si viktigaste gjenstandsbaserte kulturarv blir verande her, seier museumskoordinator Heidi Seilfaldet.

- Dette er ein gledens dag, konstaterte direktør Atle Ove Martinussen. Det har teke si tid, men no kan me tilby landets aller beste magasintilhøve. 1300 rutemeter er ikkje nok for framtida, men får vi med Staten på laget kan vi sikra oss Forsvaret sine fullklimatiserte fjellhallar, meiner Martinussen.

Hordaland si viktigaste gjenstandsbaserte kulturarv blir verande her, seier museumskoordinator Heidi Seilfaldet.

Meir tilgjengeleg
- Her får alle musea i fylket tilbod om magasinplass til dei mest bevaringsverdige gjenstandane dei har i samlinga. Hordaland si viktigaste gjenstandsbaserte kulturarv blir verande her, fortalde museumskoordinator Heidi Silfaldet.

Før endeleg plassering i magasinet må alle gjenstander gjennom ei omfattande registrering og reinsingsprosess. I ein eigen database vert tilstandsrapporter og fotografier tilgjengelege. Eigarane kan følge heile prosessen. Planen er at publikum også skal kunna bruke databasen.

- Det høyrest ut som ei motsetnad, men gjenstandane vert faktisk meir tilgjengelege etter at dei er flytta inn i magasinet, seier Seilfaldet.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og konstituret fylkeskultursjef Ronny Skaar fekk æra av å føreta ei magasinering i det spesialbygde fellesmagasinet.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og konstituret fylkeskultursjef Ronny Skaar fekk æra av å føreta ei magasinering i det spesialbygde fellesmagasinet.

 Veien til Saligheden frå 1600-talet vart offisielt magasinert på Flyttedagen.

Boka Veien til Saligheden frå 1600-talet vart offisielt magasinert på Flyttedagen.



bt.no: Riktig og vel bevart i Salhus

Tekst og foto: Simon Sortland 14.04.2009 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart