Bronseplass i prestisjeklassen
Hardanger Tradisjon og Kultur frå Odda vidaregåande skule kunne jubla over bronseplass i den mest prestisjefylte klassen – beste ungdomsbedrift – ved NM på Gardermoen 22.-24. april.

Jublar for 3. plass i NM for ungdomsbedrifter. Hardanger Tradisjon og Kultur, Odda vgs, med elevane, frå venstre: Livar Høyland Opedal, Kathrine Moe, Marianne Bosdal og Terje Opedal. (Foto: Øyvind Braaten.)
– Vinnarane viser tydeleg at dei er svært stolte av eigen kultur, tek tak i utfordringar i eige lokalsamfunn og har klart å gjera butikk av det. Dei viser kontrasten mellom det gamle og det nye og har ein svært original presentasjon. Vinnarane har gode evner til å kommunisera med mange delar av samfunnet. Vi vil også trekkja fram fokuset deira på å gje tilbake til lokalsamfunnet, heitte det i grunngjevinga frå juryen.
Høgt nivå
Nivået ved NM-tevlinga var skyhøgt, fortel avdelingsleiar Hilde Gjester Hoel ved Odda vidaregåande skule. – Nøtterøy vgs i Vestfold vann 1. prisen. Læraren deira vart også kåra til nr 1. av entreprenørskapslærarane «world wide». Nigeria på 2. plass, lærar frå Australia på 3. plass.
Ungdomsbedrifta frå Lørenskog vgs vart nr 2.
Flott sceneshow
Elevane frå Odda hadde eit fantastisk sceneshow. Elles gjorde dei inntrykk med flott teamarbeid ved sal på stand, og at dei alt hadde sprengt grensa på kva ei ungdomsbedrift kan tene på boka dei sjølv har laga. Det vart også kommentert at dei har avgjort å gje delar av overskotet til gode føremål for ungdom i Hardanger, fortel Hilde Gjester Hoel.
Lenkje: Til ungdoms-NM med boksuksess

Strilabakst UB frå Sotra vidaregåande skule kunne stolte dra heim frå NM som vinnarar av Gastronomiprisen. Elevane frå venstre til høgre: Kristine Eide, Tor-Henrik Vik, Marita Johannessen Viksøy, Håvard Tysseland, Susanne Hansen og Mariell Ledang. (Foto: Øyvind Braaten.)
Strilabakst UB
Men det var ikkje berre Hardanger tradisjon og kultur UB som vekte oppsikt under NM. Også Strilabakst UB frå Sotra vidaregåande skule, utmerka seg. I følgje juryen viste dei unge gründerane stor matglede og god entreprenørskapsevne under NM, og kunne derfor stolte dra heim som vinnarar av Gastronomiprisen.
Stor deltaking
Over 80 bedrifter med over 400 deltakarar frå alle fylka i landet var samla på Gardermoen under NM for Ungdomsbedrifter. Dei konkurrerte i 17 ulike kategoriar, og gjennom to dagar gav de unge gründerane alt for å overtyda juryane om at nettopp deira bedrift fortente ein heiderstittel.