Til topps i Hordaland
10. mars i år vart Hardanger Tradisjon og Kultur kåra til beste ungdomsbedrift i Hordaland og dermed vart dei kvalifiserte til NM. Ved messa i Grieghallen i Bergen vann dei også prisen for beste salsteam og tok andreplassen i klassen kulturbedrift.
Entreprenørskap og bedriftsutvikling
Dei fire som står bak ungdomsbedrifta er Terje Opedal, Livar Høyland Opedal, Marianne Bosdal og Kathrine Moe, elevar ved studiespesialiserande studieretning Vg2 ved Odda vgs. Det er gjennom faget «Entreprenørskap og bedriftsutvikling» dei har gjennomført bokprosjektet sitt.

Klar for NM for ungdomsbedrifter, Hardanger Tradisjon og Kultur frå Odda vidaregåande skule. Frå venstre: Livar Høyland Opedal, Kathrine Moe, Marianne Bosdal og Terje Opedal.
7000 kr i startkapital
– Me gjekk i gang med ungdomsbedrifta like etter skulestart i fjor haust. Ein del av startarbeidet var å skaffa kapital og me fekk selt 70 aksjar til 100 kroner stykket til familie og andre, fortel gründargjengen. Med den suksessen dei har med boka si vil aksjonærane få att pengane sine når ungdomsbedrifta vert avvikla seinare i år.
Boksuksess
Det er ikkje berre i konkurransar ungdomsbedrifta gjer det skarpt. Boka med same namn som bedrifta – Hardanger Tradisjon og Kultur – har vorte ein salssuksess. Førsteopplaget på 1000 var utselt før salet frå stand og butikkar er kome i gang. No er 2. opplag på 500 eksemplar i trykken.
Omsetnaden
Omsetnaden for verksemda har med boksuksessen vorte så stor at den fastsette grensa på 140 000 kr for ungdomsbedrifter er sprengt. – Så for å kunna trykkja og selja 2. opplaget måtte me ordna oss med eit eige «privat selskap», fortel suksessgjengen.
Næringslivet
– Sponsorinntekter frå sal av annonsar til næringslivet dekka halvparten av trykkekostnadene. Og då næringslivet i Hardanger såg boka førte det til at dei kjøpte så mange eksemplar til bruk som gåver, at heile opplaget forsvann før me fekk starta sal til enkeltpersonar, seier Terje Opedal.
Men bokgjengen lovar at når det nye opplaget er klart, skal dei ut på stand for å selja. Boka vil også verta å få kjøpt i butikkar i heile Hardanger.
Ei bok til glede
– Me har lagt vekt på å laga ei bok som skal vea enkel og kjekk å lesa. Du skal gle deg til kvar side du blar opp, seier Marianne Bosdal og Kathrine Moe.
– Ei generasjonsbok, med innhald både for unge og eldre, skyt Livar Høyland Opedal til.
Både unge, foreldre, besteforeldre og medelevar har kome med svært positiv respons på boka, er forlagsgjengen samstemt om.
Forlag
I bokprosjektet sitt har dei fire elevane vore gjennom ei rekkje roller. Ungdomsbedrifta deira er som eit forlag, der dei sjølv har vore etablerarar, utgjevarar, forfattarar, redaktørar, grafiske formgjevarar, fotografar, seljarar ++
Noko har me skrive sjølv og ein del foto har me teke, men me har også fått andre til å skriva og levera stoff og foto til oss. Dette er gjort i samsvar med lov og reglar som forlag skal følgja på dette feltet, seier Kathrine Moe.
Viktig skulefag
— Entreprenørskap og bedriftsutvikling er eit veldig nyttig og viktig fag. Me håpar at fylkeskommunen og næringslivet satsar vidare på dette faget i den vidaregåande skulen, seier Terje Opedal. – For oss har det vore svært interessant og nyttig, stemmer dei tre andre ungdomsbedriftseigarane i.
Lenkje
Oppslag i Hardangr folkeblad: Unge brubyggjarar var best