
- Både mengda av små tiltak og kvaliteten på dei større satsingane vil kunne syne fram Hordaland som eit fylke med sterkt engasjement, seier Helge Andre Njåstad, leiar av kultur- og ressursutvalet.
Dagleglivet i nær fortid
Tema for kulturminneåret er dagleglivet i nær fortid. Leiar av kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, er oppglødd over den store interessa.
– Kulturminneåret i Hordaland blir ein suksess. Heile 111 søknader kom inn. Ikkje noko anna fylke i landet har så stor interesse. Totalt er det søkt om tilskot på 5,2 millionar kroner i Hordaland til tiltak med total kostnadsramme på 25 millionar kroner, opplyser Njåstad.
Nasjonal løyving
Staten har løyvt seks millionar kroner til kulturminneåret. Dessutan har kultur- og ressursutvalet i Hordaland bestemt å bruke ein halv million av eigne pengar. Desse pengane er no delt ut, men alle søknadene går og vidare for å konkurrere om den nasjonale løyvinga. Norsk Kulturråd skal dele ut tilskot på over 10.000 kroner, mens Norges Kulturvernforbund har hand om summane under 10.000 kroner.
– Sidan det kom så mange søknader frå Hordaland, er fylkets del av den totale summen auka ein del. Det medfører at truleg mellom 20 og 30 søknader vil få tilskot av Norges Kulturvernforbund, opplyser Njåstad.
Fiskebollar i karri
Prosjektet som kultur- og ressursutvalet satsar mest på er utstillinga om fiskebollar i karri med 100.000 kroner. Dette er eit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Bergen og Den kulturelle skulesekken. Utstillinga om denne folkelege mattradisjonen skal visast for elevar i grunnskulen i heile fylket.
Kvardagsspor
Prosjektet Kvardagsspor i landskapet får 50.000 kroner. Dette er eit samarbeid mellom Museumssenteret i Hordaland (Salhus), Osterøy kommune og frivillige. Målgruppe er lokalsamfunn, museum og skular.
Postvegen
Til å markere historiske ferdselsvegar går det 100.000 kroner. Interesselaget Postvegen Ølfernes-Herøysund får 60.000 til reetablering og skilting. Sandviken Kulturhistorisk Forening får 30.000 til arrangement og faldar, mens Bymuseet ”Posten skal frem” får 10.000 til skilting.
Bergensbanen
Til markering av Bergensbanen 100 år er det avsett 100.000 kroner. 60.000 skal gå til ein audiovisuell framsyning med konsert på Bergen stasjon med vokalensemblet Skrik. Norsk Jernbaneklubb får 20.000 til arrangement ved Gamle Vossabanen og 20.000 til restaurering av damplok ”26c411”.
Tokt med Gamle Oksøy
Kystkultur får 100.000 og blir markert med eit tokt med Gamle Oksøy og maritime kulturdagar på Stord. Det siste prosjektet som får regional støtte er prosjektet Kulturhistorisk formidling på nett i regi av Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland. 50.000 kroner skal gå til å kurse interesserte innbyggjarar i fylket i å lage digitale forteljingar knytt til kulturminne og visuelle kulturminneløyper.
Hordaland kjem godt ut
Njåstad opplyser at ordninga med nasjonal og regional løyving til Kulturminneåret utfyller kvarandre.
– Fylkeskommunale midlar gjev høve til å prioritere større tiltak som i liten grad vil kunne ha von om tildeling av statlege midlar. Kultur- og ressursutvalet har i tillegg innstilt til den nasjonale potten, noko som vil innebere at mange gode, men mindre prosjekt vil få støtte. Samla sett vil difor mange prosjekt i Hordaland kome godt ut av fordelinga av både regionale og statlege tilskot. Både mengda av små tiltak og kvaliteten på dei større satsingane vil kunne syne fram Hordaland som eit fylke med sterkt engasjement, seier Helge Andre Njåstad, leiar av kultur- og ressursutvalet.