Stor interesse for sommarskule

Representantar frå 12 fylkeskommunar kom til Bergen for å høyre om suksessen til sommarskulen i Hordaland. Den er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors. I sommar blir den skipa til for tredje gong.

Rektor Lisbeth Fossum ved sommarskulen i Oslo og prosjektleiar Petter Borthen ved sommarskulen i Hordaland utveksla erfaringar på konferansen i Bergen.
Rektor Lisbeth Fossum ved sommarskulen i Oslo og prosjektleiar Petter Borthen ved sommarskulen i Hordaland utveksla erfaringar på konferansen i Bergen. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Alfa og omega
– Når elevane får så tett oppfølging som to-tre elevar pr. vaksen, så får dei framgang. Dette er alfa og omega for å lukkast. Servering av frukost og varm lunsj ser også ut til å vere medverkande. Dette er innspel vi vil ta med oss, seier Lisbeth Fossum som er rektor ved sommarskulen i Oslo. Ho var ein av representantane frå dei 12 fylkeskommunane som lytta interessert til det prosjektleiar Petter Borthen fortalde om røynslene med sommarskulen i Hordaland. Fleire av fylkeskommunane som var til stades planlegg å setje i gang med sommarskular.

Mange åt ikkje frukost
Årsakene til suksessen kan oppsummerast slik: Frukost som start på dagen. Det viste seg at mange ikkje åt frukost, og fekk innarbeidd nye matvaner etter å ha ete frukost to veker i strekk. Varm mat til lunsj gav energi til å halde ut resten av dagen. Ein vaksen lærar eller assistent pr to-tre elev gav svært tett oppfølging av elevane. Sosialt program etter undervisinga med den gode samtale, biljard, fotball, og badminton etc. Elevane hadde ingen hast med å gå heim etter skuletid og vart verande i fleire timar.

Stolte elevar
Og resultatet uteblir ikkje. Over halvparten av dei som tek ny eksamen, står og mange får til og med god karakter. Det er stolte elevar som får karakteren fire etter å ha stroke til ordinær eksamen.

Frivillige frå Røde Kors
Sommarskulen hadde ikkje Hordaland fylkeskommune lukkast med åleine. Frivillige frå Bergen Røde Kors tok seg av servering av mat, det sosiale, assistentar i undervisinga og stilte Røde Korshuset i Bergen til disposisjon.

Overnatting på Askøy
Til sommaren blir tilbodet utvida frå to til fire veker. To veker i starten av sommarferien i Bergen med fag som norsk og matematikk. Og så dei to siste vekene av sommarferien på Askøy med Askøy Røde Kors som medhjelpar og faga naturfag og engelsk. Her blir det og høve til å få overnatting i private heimar, slik at elevar frå heile fylket kan delta.

Interesserte deltakarar frå 12 fylkeskommunar over heile landet høyrte på suksessen med sommarskulen i Hordaland.
Interesserte deltakarar frå 12 fylkeskommunar over heile landet høyrte på suksessen med sommarskulen i Hordaland.

Bjarte Brask Eriksen 16.04.2009 15:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart