
Dei kring 100 deltakarane på Bergen Kongressenter satte stor pris på presentasjonen av Datarock sin nyaste musikkvideo ”Give it up”. Arbeidet bak videoen var eit godt døme på konferansen sitt hovudbodskap, sjølv om tittelen kanskje ikkje skulle tilseie nettopp det.
Vokalist Fredrik Saroea i Datarock og regissør Mats Andersen frå Alligatorfilm orienterte om musikkvideoproduksjonen "Give it up".
Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen framførde ein del vers av Henrik Ibsen sitt patos ”Terje Vigen” for å streka under at vi treng folk som tør å setje ut på havet når stormen ular som verst.
- For Vestlandet vil bli råka hardare enn andre av av denne stormen. På Vestlandet er vi flinkare til å starta bedrifter og set vår ære i å gjere opp for oss. Vi etablerer fleire og færre går konkurs enn elles i landet. Nostalgien er vår verste fiende, så vi må godta at dagens arbeidsplassar ikkje nødvendigvis er dei vi treng i morgon. Derfor må vi støtte opp om folk med framtidstru og vilje til nyskaping, understreka Nilsen.
Regional utvikling på dagsorden
- I denne tida er det viktigare enn nokon gong å støtte opp under entreprenørar, innovasjon og nye vekstbedrifter. Her prøver fylkeskommunen å bidra, både gjennom dei virkemidlane som fylkeskommunen overfører til Innovasjon Norge og gjennom forvalting av dei virkemidlane fylkeskommunen styrer sjølv. Det er i krisetider vi verkeleg treng optimisme, dristigheit og nytenking frå alle aktørane i næringslivet, seier strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve i Hordaland fylkeskommune.
- Norske kommunar må bli flinkare til å samarbeida, og sjå fordelane av at det er ulike tilbod i nabokommunane. Til dømes vil ikkje to like kulturhus i nabokommunar auka attraktiviteten eller skapa gode vilkår for næringsutvikling i nokon av dei, påpeika forskar Knut Vareide frå Telemarksforsking.
Konferansen er ein viktig møteplass for erfaringsutveksling og drøfting av sentrale utfordringar i næringsutviklingsarbeidet i Hordaland. Blant årets tema var blant anna kommunen si rolle som utviklingsaktør for eige næringsliv, finanskrisa sin effekt på Hordaland, nye regionale forskingsfond, Regionalt Utviklingsprogram for 2009, og BRB si rolle som regional utviklingsaktør.