Stor interesse for korleis vi gjer det i Hordaland

Over 100 påmelde vitnar om stadig aukande interesse for strategi- og næringsavdelinga sin årvisse konferanse om regionalt næringsutviklingsarbeid i Hordaland. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen opna konferansen der hovudbodskapen var at i krisetider e

Dei kring 100 deltakarane på Bergen Kongressenter satte stor pris på presentasjonen av Datarock sin nyaste musikkvideo ”Give it up”. Arbeidet bak videoen var eit godt døme på konferansen sitt hovudbodskap, sjølv om tittelen kanskje ikkje skulle tilseie nettopp det.  

Vokalist Fredrik Saroea i Datarock og regissør Mats Andersen frå Alligatorfilm orienterte om musikkvideoproduksjonen "Give it up".

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen framførde ein del vers av Henrik Ibsen sitt patos ”Terje Vigen” for å streka under at vi treng folk som tør å setje ut på havet når stormen ular som verst.

- For Vestlandet vil bli råka hardare enn andre av av denne stormen. På Vestlandet er vi flinkare til å starta bedrifter og set vår ære i å gjere opp for oss. Vi etablerer fleire og færre går konkurs enn elles i landet. Nostalgien er vår verste fiende, så vi må godta at dagens arbeidsplassar ikkje nødvendigvis er dei vi treng i morgon. Derfor må vi støtte opp om folk med framtidstru og vilje til nyskaping, understreka Nilsen.

Regional utvikling på dagsorden
- I denne tida er det viktigare enn nokon gong å støtte opp under entreprenørar, innovasjon og nye vekstbedrifter. Her prøver fylkeskommunen å bidra, både gjennom dei virkemidlane som fylkeskommunen overfører til Innovasjon Norge og gjennom forvalting av dei virkemidlane fylkeskommunen styrer sjølv. Det er i krisetider vi verkeleg treng optimisme, dristigheit og nytenking frå alle aktørane i næringslivet, seier strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve i Hordaland fylkeskommune.

- Norske kommunar må bli flinkare til å samarbeida, og sjå fordelane av at det er ulike tilbod i nabokommunane. Til dømes vil ikkje to like kulturhus i nabokommunar auka attraktiviteten eller skapa gode vilkår for næringsutvikling i nokon av dei, påpeika forskar Knut Vareide frå Telemarksforsking. 

Konferansen er ein viktig møteplass for erfaringsutveksling og drøfting av sentrale utfordringar i næringsutviklingsarbeidet i Hordaland. Blant årets tema var blant anna kommunen si rolle som utviklingsaktør for eige næringsliv, finanskrisa sin effekt på Hordaland, nye regionale forskingsfond, Regionalt Utviklingsprogram for 2009, og BRB si rolle som regional utviklingsaktør.

Føredraga frå konferansen i pdf-format:
Opning ved fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen.pdf
Regional næringsutvikling i ei krisetid ved Jan Per Styve.pdf
Korleis lukkast med lokal næringsutvikling ved Knut Vareide.pdf
På same lag for lokal næringsutvikling HFK, FMLA og IN.pdf
Konsekvensar av finanskrisa ved Hallgeir Isdahl.pdf
Distriktssenteret ved Stein Magne Os.pdf
RUP 2009 ved Arthur Arnesen.pdf
Nytt regionalt forskingsfond ved Jone Engelsvold.pdf
BRB si rolle som regional utviklingsaktør ved Asbjørn Algerøy.pdf

Tekst og foto: Simon Sortland 20.04.2009 09:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart