Nei til freding av vegar i Hardanger og Vaksdal

Hordaland fylkesuval seier nei til å freda vegane Jondal-Utne i Hardanger og Dalseid-Eidslandet i Vaksdal. Grunngjevinga er at det ikkje finst omkøyringsalternativ.

Det er Riksantikvaren som har sendt på høyring varsel om freding av 66 veganlegg over heile landet. Mellom desse er åtte i Hordaland.

Fylkesutvalet har slutta seg til forslaget til freding av dei seks andre vegane i Hordaland. Dette gjeld nokre lokale vegar i Røldal, mellom anna ein seks kilometer lang rideveg som i dag går under namnet «Pilgrimsvegen». Vidare  del av veg over Haukelifjell, Stalheimskleiva, den gamle vegen gjennom Tokagjelet og den gamle vegen gjennom Måbødalen.

Føremålet med fredinga er å ta vare på og sikra eit utval vegrelaterte byggverk og anlegg som er representative for den historiske utviklinga av vegnettet i landet frå omkring 1537 og fram til i dag.
Fylkesutvalet ber om at freding ikkje skal verta til hinder for naudsynte tiltak til tryggleik og framkome for dei som bur langs vegane.

Lenkje
Pressemelding frå fylkesutvalet 23. april 2009 (pdf-fil)

Stanley Hauge 23.04.2009 16:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart