Både kultur- og ressursutvalet og samferdselsutvalet i Hordaland seier nei til å frede vegane Jondal-Utne i Hardanger og Dalseid-Eidslandet i Vaksdal. Grunngjevinga er at det ikkje finst omkøyringsalternativ.
66 veganlegg
Det er Riksantikvaren som har sendt på høyring varsel om freding av 66 veganlegg over heile landet som er i Statens vegvesen sitt eige. Mellom desse er åtte i Hordaland.
Vi frede Pilgrimsvegen
Dei to utvala sluttar seg derimot til forslaget om freding av dei seks andre vegane i Hordaland. Dette gjeld nokre lokale vegar i Røldal, mellom anna ein seks kilometer lang rideveg som i dag går under namet ”Pilgrimsvegen”, del av veg over Haukelifjell, Stalheimskleiva, den gamle vegen gjennom Tokagjelet og den gamle vegen gjennom Måbødalen.
Historisk utvikling
Føremålet med fredinga er å ta vare på og sikre eit utval vegrelaterte byggverk og anlegg som er representative for den historiske utviklinga av vegnettet i landet frå omkring 1537 og fram til i dag.
Utvala ber om at freding ikkje skal bli til hinder for naudsynte tiltak til tryggleik og framkome for dei som bur langs vegane.
Saka går til fylkesutvalet 23. april og blir endeleg vedteken av Riksantikvaren.
Bjarte Brask Eriksen 07.04.2009 14:50