
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld er samde om at det må være rom for sosiale nettstader som Facebook i den vidaregåande skulen. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Det skjedde på konferansen ”Dei gode døma” som handla om læring i nettverkssamfunnet og den digitale skule. Kunnskapsministeren sa at IKT og bruk av data i skulen kjem for fullt.
Eit hovudspor
– IKT kjem inn over heile fjøla. Det er ikkje eit sidespor, men eit hovudspor. Alle brukar IKT, men vi er i innovasjonsfasen. Det tek mange år å innføre noko nytt, så vi må ikkje undervurdere problema med IKT.
Vil skape ein deltakarkultur
Kunnskapsministeren har innsett at digitale verktøy vil bli eit verktøy i dei fleste jobbar i samfunnet.
– Men det vil ikkje berre vere eit verktøy, det vil og danne ein annan kultur som vil bli viktig. IKT har potensiale til å skape ein deltakarkultur. Nettet har potensiale til at vi kan bli deltakarar og ikkje berre mottakarar. Vi kan bruke nettet til å skape ein deltakarkultur. I dag er dei fleste under 30 år meir i slike sosiale medium som Facebook, Twitter og YouTube enn dei ser på TV-debattar, sa kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.
Vil ikkje stenge sosiale nettstader i skuletida
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland sa klart frå at det er ikkje aktuelt å stenge ute sosiale nettstader som Facebook frå den vidaregåande skulen i fylket.
– Eg synest ikkje det er greitt å stenge dei sosiale nettstadene i skuletida. Å stenge dette handlar om læringssyn og elevsyn som eg ikkje synest er godt. Vi må heller ta dei sosiale nettstadene inn i undervisinga som ein del av det elevane skal få opplæring i. Vi har sjeldan sett spørjeteikn ved bøkene som teknologi.
Paven er på Facebook
Fjeld viste til endringane som skjer med ungdommen i dag i høve til tidlegare tider.
– Ei tysk gransking syner at nett og mobiltelefon er viktigare for ungdomen enn kjæraste og bil. Til og med Paven er på Facebook. Pirate Bay-dommen set fyr i debatten om deling på nett. Siste ord er ikkje sagt. Vi kan snakke om ein global ungdomsgenerasjon. Det er på internett ungdommen treffer vennene sine. Elevane våre har endra seg så radikalt at den bokstyrte skulen ikkje passar lenger. Kunnskap i dag skal i sterkare grad vere mellom individ enn mellom øyra, sa opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.