Kontaktforum for internasjonalisering

Dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune har fått oppfylt sitt ynskje om eit formalisert nettverk av internasjonale kontaktpersonar. Nyleg var nær sytti skulefolk samla til konferanse om internasjonalisering i regi av Opplæringsavdelinga, Europa

Kontaktperson internasjonalisering Jan Nordø fortalde om Austrheim vidaregåande skule sitt gode samarbeid med ein skule i Mexico.

Kontaktperson internasjonalisering Jan Nordø fortalde om Austrheim vidaregåande skule sitt gode samarbeid med ein skule i Mexico.

Elevutveksling og venskapsprogram er berre noko av det mangdfaldet dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune engasjerer seg i. I januar i fjor gjorde Opplæringsavdelinga ei undersøking blant alle våre 46 vidaregåande skular.

Her kom det tydeleg fram eit ynskje om å oppretta eit formalisert nettverk av internasjonale kontaktpersonar for å betra og styrka erfarings- og informasjonsutveksling.

Stort oppmøte
- I fjor vår satte vi ned ei arbeidsgrupppe frå Opplæringsavdelinga og Internasjonalt arbeidslag med representantar frå mellom anna tre skular. Oppgåva var å utgreia korleis eit slikt nettverk kan organiserast. Tilrådinga vart etablering av eit nettverk med internasjonale kontaktpersonar på It’s Learning, supplert med opningskonferanse, søknadskrivekurs med meire, fortel Charlotte Lillefjære-Tertnæs frå Internasjonalt arbeidslag.

Stort oppmøte på konferansen om internasjonalisering vitnar om stor interesse for eit formalisert nettverk, konstaterer Charlotte Lillefjære-Tertnæs (framme t.v) og leiar Ingebjørg Astrup frå Internasjonalt arbeidslag.

Eit direkte resultat av tilbakemeldingane frå skulane var konferansen om internasjonalisering fredag 17. april på Scandic Bergen City Hotel. Over 70 deltakarar som representerte heile Hordaland deltok, med 39 av 46 skular representert anten ved internasjonal kontaktperson og/eller rektor.

Stort oppmøte på konferansen om internasjonalisering vitnar om stor interesse for eit formalisert nettverk, konstaterer Charlotte Lillefjære-Tertnæs (framme t.v) og leiar Ingebjørg Astrup frå Internasjonalt arbeidslag.

Samarbeid Sotra-Zambia
Kjetil Brathetland frå Opplæringsavdelinga orienterte om korleis ein kunne nytta seg av elektroniske verkty og laga ei internasjonal gruppe på It’s Learning. Han tok for seg dei teknologiske moglegheitane og verktya som til dømes ulike nettsamfunn representerar i dette arbeidet.

Kjetil Brathetland frå Opplæringsavdelinga orienterte om ulike verkty for kommunikasjon i internasjonaliseringsarbeidet.

- Austrheim vidaregåande skule har eit godt samarbeid med ein skule i Mexico. Vår kontakt er enkel ved hjelp av mail og messenger, og vi ser store moglegheiter med Web 2.0. samstundes er det litt trist at det er så nettbasert, opplyste kontaktperson internasjonalisering Jan Nordø.

Han opplyste at det var ingen prosjekt i europa der spansk er språket, og han ytra eit ynskje om å få kombinert til dømes spansk språk og politikk i eit eller anna prosjekt. Nordø tok også til orde for at vi ser meir utover Europa i dei ulike programma. 

Kjetil Brathetland frå Opplæringsavdelinga orienterte om ulike verkty for kommunikasjon i internasjonaliseringsarbeidet.

Erik Strøm, kontaktperson internasjonalisering ved Sotra vidaregåande skule, påpeika at det er viktig å satsa utanfor EU også. Hans skule har eit godt prosjekt med ein skule i Zambia der dei freistar overføre entreprønarskap gjennom modellen med elevbedrifter tilpassa afrikanske tilhøve.

Andre skular presenterte også sine prosjekt. Det var også gjennomgang av ulike nordsike og europeiske samarbeidsprogram som Leonardo og Comenius, Nordplus og Aktiv Ungdom.

- Europakontoret har god kompetanse og erfaring med desse programma, og hjelper meir enn gjerne til med søknadsarbeidet, sa Kirsten Ese ved Europakontoret i fylkeskommunen.

 

 

Tekst og foto: Simon Sortland 24.04.2009 12:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart