Følgjande fire selskap har i dag levert inn tilbod for å få køyre buss i Fana og Ytrebygda i Bergen og i Os:
Fjord 1 Partner AS, Nettbuss Drammen AS, Norgesbuss AS og Tide Buss AS.
Prisen i dei innleverte tilboda varierer frå 149,5 mill. kr til 189,3 mill. kr pr år.
Vinnaren av anbodskonkurransen vil bli kåra ut i frå ei vurdering av tildelingskriteria pris, kvalitet og miljø. Etter planen vil tildeling av kontrakt bli gjennomført i slutten av mai.
Også matebussar til Bybane
Konkurransen om kven som skal køyre buss i Fana, Ytrebygda og Os i perioden 1. mai 2010 til 30. april 2017, vart lyst ut av fylkeskommunen ved Skyss 20. februar i år. Det utlyste anbodet omfattar også matebussystemet til Bybanen.
Krav
Den utlyste rutepakka har eit omfang på om lag 189 000 rutetimar pr. år og omfattar all rutetransport inkludert skuleskyss. I utlysinga stiller vert det stilt krav om bussar som er universelt utforma (mellom anna lågt innsteg/golv som gjer det lettare og raskare å gå av og på bussen).
Skyss
Bergen sør og Os er det sjuande området der busskøyringa vert konkurranseutsett i Hordaland.
Skyss er Hordaland fylkeskommune sitt selskap for å planlegge, kjøpe og marknadsføre kollektivtransport på buss, båt og bane.