Erfaringskonferanse om sommarskule og leksehjelp

Representantar frå 12 fylkeskommunar kjem til Bergen tysdag 15. april for å høyre erfaringane Hordaland har med sommarskule og leksehjelp. Konferansen blir på Hovudbrannstasjonen i Bergen frå kl. 10.00 til 15.00.

På konferansen får vi høyre om erfaringane med sommarskule i Hordaland dei to siste åra. Denne har vore ein suksess og har kome for å bli. Sommarskulen skal hjelpe elevar til å fullføre vidaregåande skule.

Vidare skal vi få høyre om prosjektet i Hordaland med leksehjelp.

Desse tilboda er i samarbeid mellom Røde Kors og Hordaland fylkskommune, og er eit virkemiddel for å hindre fråfall i skulen. Det blir og innslag om sommarskuletilbodet i andre fylkeskommunar.

Program for Erfaringskonferanse om leksehjelp og sommarskole i vidaregåande, Bergen onsdag 15.april 2009 

Kl.09.45 – Frammøte i resepsjonen, Fylkesbygget Hordaland fylkeskommune, Agnes Mowinckelsgate 5.  Derifrå går vi 5 minutt til Hovudbrannstasjonen der møtet skal haldast.

Kl.10.00 – 10.05 Opning ved Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, Hordaland fylkeskommune 

Kl.10.05 - 11.15  Lisbeth Fossum, rektor ved Sommarskolen i Oslo presenterer sine erfaringar. Spørsmål og diskusjon

Kl.11.15 - 12.00  Lunsj 

Kl.12.00 - 13.00  Line Schonhowd, Hedmark fylkeskommune. Erfaringar frå sommarskolen på Hamar. Spørsmål og diskusjon 

Kl.13.00 – 13.15 Beinstrekk og mobilsamtalar 

Kl.13.15 - 14.10  Petter Borthen, Hordaland fylkeskommune, Karianne Frønsdal, Bergen Røde Kors og Jacob Hoffmann, frivillig prosjektleiar Leksehjelpen. Erfaringar frå samarbeid om leksehjelp og sommarskole. Spørsmål og diskusjon. 

Kl.14.10 - 14.30  Bjørghild Mikalsen, Askøy Røde Kors og ein frå elevrådet ved Askøy vidaregåande skole.  Erfaringar med oppstart av leksegruppe ved Askøy vidaregåande skole i samarbeid med elevrådet. 

Kl. 4.30 – 15.00  Ordet fritt med innspel frå andre fylke.  Oppsummering. Vel heim.

Bjarte Brask Eriksen 14.04.2009 10:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart