Fylkeskommunen skipar til konferansen i samarbeid med Universitetet i Bergen.
På konferansen er det dei gode døma om læring i nettverkssamfunnet og den digitale skulen som skal presenterast. Undertittel på konferansen er «Forsking møter praksis – praksis møter forsking».
Program for konferansen (pdf-fil)
Fokus på praksis og endringar i arbeidsformer og på kunnskapssynet står sentralt på konferansen. Sentralt i biletet står også NDLA, Nasjonal Digital LæringsArena, som vil presentera digitale læremiddel i ei rekkje fag.
Føredragshaldarar
Konferansen kan skilta med ei imponerande liste av føredragshaldarar frå inn- og utland.
Professor Sølvi Lillejord som mellom anna er leiar av nasjonalt fagråd for utdanningsvitenskap. Rosamund Sutherland som er Professor of Education and Head ved Graduate School of Education ved University of Bristol.
Astrofysikar/cand. scient Eirik Newth med hovudfag i teoretisk astrofysikk.
Tim Rudd som er seniorforskar ved FutureLab, Bristol.
Paul Chaffey, leiar Abelia, ein organisasjon for kunnskaps- og teknologibedrifter i NHO.
Roger Säljö, professor i utdanning og utdanningspsykologi ved Institutt for Utdanning,
Universitetet i Gøteborg.
Stor påmelding
Konferansen vert halden på Clarion Airport Hotell, Flesland, Bergen.
Konferansen er fullteikna og endå fleire ville vore med.
Sjå: No kjem dei gode døma