10 mill. kr til brannsikring av kulturminne i Hordaland

– Dette er svært gledeleg, seier Helge Andre Njåstad, leiar i kultur- og ressursutvalet i Hordaland etter at 10 millionar kroner skal brukast til brannsikring av kulturminne i fylket.

Råka av brann
I 2008 vart viktige kulturminne i Bergen og på Voss råka av brann. Hendingane viste kor sårbare desse bygningane er. For å gjennomføre tiltak mot brann er det løyvd 10 millionar kroner frå regjeringa sin tiltakspakke til sikringstiltak i Hordaland i 2009. Hordaland fylkeskommune fordeler midlane.

Fortgang
– Det er svært gledeleg at vi får denne løyvinga. Dei gjer at vi kan setje fortgang i sikringa av fleire framståande kulturminne og kulturmiljø, seier Njåstad.

Sandviksboder og Agatunet
Til dømes vil Hordaland fylkeskommune no kunne prioritere tiltak i Bergen. Fleire av bodene i Sandviken skal sikrast. Agatunet i Ullensvang er mellom dei andre miljøa som vert prioritert.

Mykje betre
– Vi har alt lagt planar og sett i gong arbeid, og vi trur at den samla beredskapen i høve brann vil bli mykje betre. Dette ser bra ut, seier Njåstad.

Dei 10 millionar kronene fordelar seg slik:
Bergen:
Brannsikringsplan sentrum 1 500 000
Diverse tiltak 2 000 000
Skuteviksboder 10-19, sikring 1 500 000
Strange Stiftelse, slokkeanlegg 1 000 000
Sandviksboder, brannvarsling/sprinkling 650 000
Lille Øvregt. 7, sprinkling 100 000

Osterøy:
Havråtunet, utbetring basseng 240 000
Havråtunet, planlegging innvendig sprinkling 150 000

Ullensvang:
Agatunet, sikringstiltak i samsvar med plan 1 500 000

Andre bygningar:
Sophies Minde, planlegging alarm/brann 25 000
Kronstad hovedgård, slokkeanlegg etc 700 000
Christene hovedgård, planlegging sprinkleranlegg 145 000
Bogatunet, planlegging sikringstiltak 25 000
Finnesloftet, alarmanlegg 175 000
Lydvaloftet, alarmanlegg 175 000
Ådlandsstova, slokkeanlegg 100 000
Fjeldberg prestegård, planlegging sikringstiltak 50 000

17.04.2009 14:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart