– Vi har enorme utfordringar på samferdselsområdet og meiner at nye tiltak må til for å finansiera utbygging av veg og jernbane. Vestlandsrådet ber difor regjeringa om å ta i bruk nye verkemidlar og syner til dei sju tiltaka presentert av Østlandssamarbei
I uttalen vert det peika på følgjande tiltak:
* Fleirårige budsjettvedtak – som betyr forpliktande vedtak for fleire budsjettår.
* Infrastrukturfond – deler av oljeinntektene vert sett av til eit fond der avkastninga nyttast til investeringar.
* Lånefinansiering
* Fristilling av Statens vegvesen og Jernbaneverket – betyr at det mellom anna kan gjere låneopptak og planleggja framdrift uavhengig av dei årlege statsbudsjetta.
* Offentlig/privat samarbeid (OPS) – private overtar ansvar for å byggje og vedlikehalde bestemte veg- eller jernbanestrekningar.
* Offentlige utbyggingsselskap, som kan nyttast for avgrensa og særleg store prosjekt, til dømes nye jernbaneliner. I tillegg til staten kan fylke og kommunar vere medeigarar. Selskapa finansierer utbygginga via lån som vert tilbakebetalt over lang tid, til dømes 40 år.
* Innføre periodiseringsprinsippet – dette inneber at investeringer vert avskrivne over levetida. Dette kan også synleggjere forringinga av vegkapitalen. Vanleg i andre nordiske land.
Vestlandsrådet sluttar seg til uttalen ”Norge trenger et samferdselsløft” av september 2008.