Fylkesutvalet har i ei fråsegn samrøystes gått inn for å gje Håra Kraft AS løyve til bygging av Håra kraftverk i Røldal i Odda. Kraftverket vil nytte fallet i Håraelva, og vil årleg gje om lag 16,8 GWh. Utbyggingsområdet ligg nær E-134, Rv520 og R13.
I si fråsegn peikar Fylkesutvalet på at utbygging av Håra kraftverk er i konflikt med automatisk freda kulturminne. For øvrige regionale interesser ser prosjektet ut til å ha relativt lågt konfliktnivå isolert sett. Tiltaket må justerast for å unngå konflikt med freda kulturminne, eller saka må leggjast fram for Riksantikvaren for dispensasjon etter Kulturminnelova som vilkår for konsesjon.
Fylkesutvalet viser til arbeid med fylkesdelplan for små vasskraftverk, der Røldal vil vere eit av underområda grunna stort potensiale og mange planar om ny småkraftutbygging. Om konsesjonssakene for Røldalsområdet som alt er i prosess skal handsamast ferdig før fylkesdelplanen ligg føre, vil ein rå NVE til å sjå desse sakene i samanhang ved vurdering av konsesjonsspørsmålet.