Revidert reguleringsplan for Smelteverkstomta i Odda kjem fylkeskommunen i møte mellom anna når det gjeld trafikkløysing og regulering til spesialområde bevaring.
Det faste utval for plansaker i Odda kommune har sendt revidert forslag til reguleringsplan for Smelteverkstomta på høyring. Bakgrunnen for revidert forslag er motsegn frå Hordaland fylkeskommune dagsett 20.09.07 grunna konflikt med nasjonale kulturminneinteresser.
Etter at motsegna vart fremja er det gjennomført ein kulturhistorisk stadanalyse, trafikk- og handelsanalyse i samarbeid med Riksantikvaren og fylkeskommunen, og det er utvikla eit nytt planforslag. Forslaget kjem fylkeskommunen i møte mellom anna når det gjeld trafikkløysing og regulering til spesialområde bevaring.
Fylkesutvalet vedtok mot 3 røyster (Frp) følgjande:
1. Nytt forslag til reguleringsplan for Smelteverkstomta kjem fylkeskommunen sine innvendingar i møte på vesentlege punkt med omsyn til kulturminne og vegløysing. Fylkesutvalet finn ut frå dette å kunne trekkje si motsegn i vedtak av 20.09.07.
2. Fylkesutvalet tilrår forslag til reguleringsplan for Smelteverkstomta vedtatt i kommunen 3.september 2008.
3. Fylkesutvalet ber om at det før det vert fremja utbyggingsplanar som viser handelsverksemd vert gjort ei nærare avgrensing av handelsområde i Odda sentrum, og at areal til handelsverksemd vert avstemt slik at ein sikrar at kvalitetane i eksisterande sentrum/gågatemiljø vert oppretthalde i tråd med fylkesplanen.
4. Dersom Odda kommunestyre går inn for å opprettholde UNESCO-søknad for Odda kommune og Hordaland fylkeskommune, vil fylkeskommunen arbeide aktivt for å få fortgang i søknadsprosessen.
Terje Søviknes (Frp) fremja følgjande protokollmerknad:
Frp sine representantar i FUV syner til folkerøysting i Odda i 2007 vedrørande UNESCO-søknad. Etter Frp sitt syn bryt verneomfanget i reguleringsframlegget for smelteverkstomta med resultatet av folkerøystinga. Etter ei samla vurdering røysta Frp imot pkt. 1-4 i innstillinga.
Simon Sortland 30.09.2008 15:42