Positive til Grøndalselva kraftverk i Odda

Grunneigarar i Grøndalselva i Odda ynskjer å byggje eit småkraftverk som kan gje 9 GWh. Fylkesutvalet har i ei fråsegn gått inn for å stetta søknaden.

Grøndalselva renn på austsida av Røldalsvatnet, og i området er det alt er ein del tekniske inngrep som veg, kraftliner og bekkeinntak for andre kraftverk. Utbygginga vil redusere omfanget av inngrepsfri natur, og utan minstevassføring kan utbygginga verke negativt for fossekall og andre artar som er avhenging av vatnet i elva.

Fråsegna lyder slik:
”1. Fylkesutvalet viser til arbeid med fylkesdelplan for små vasskraftverk der Røldal vil vere eit av underområda grunna stort potensiale og mange planar om ny småkraftutbygging. Om konsesjonssakene for Røldalsområdet som alt er i prosess skal handsamast ferdig før fylkesdelplanen ligg føre, vil ein rå NVE til å sjå desse sakene i samanhang ved vurdering av konsesjonsspørsmålet.

2.  Under føresetnad av ein viss minstevassføring i elva, skånsam bruk av terrenget i anleggstida og attføring av terreng over røyrgata etter utbygging, meiner fylkesutvalet at verknaden for regionale interesser i samband med utbygging av Grøndalselva er moderat og at det bør vere høve til å gje løyve til utbygginga.Av omsyn til villreinen bør inngrepa vere så små som mogeleg.

3. Fylkesutvalet vil be om vilkår som sikrar at utbyggjar viser aktsemd under opparbeiding av feltet og søkjer å unngå skjemmande skjeringar og fyllingar. Det kan vere uregistrete fornminne i området, og dersom det i samband med gravearbeid kjem fram funn eller konstruksjonar, må arbeidet straks stansast og fylkeskonservatoren få melding for ei nærare gransking på staden, jf Kulturminnelova 8.2.”

Simon Sortland 30.09.2008 15:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart