Poesi for alle aldrar

100-årsjubileet for diktaren Olav H. Hauge og komponisten Geirr Tveitt prega Ulvik Poesifestival som vart offisielt opna av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg torsdag. Fredag delte ho ut Ung Poesi-prisen til Erlend O. Nødtvedt (bilete) frå Fyllingsdale

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrakte Ung Poesi-prisen til 23 år gamle Erlend O. Nødtvedt frå Fyllingsdalen
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrakte Ung Poesi-prisen til 23 år gamle Erlend O. Nødtvedt frå Fyllingsdalen.

Ulvik Poesifestival – Olav H Hauge-dagane er med og markerer 100-årsjubileet for diktaren Olav H Hauge og komponisten og pianisten Geirr Tveitt. Me i Hordaland fylkeskommune saman med mange andre har vore ein pådrivar for å få til ei så stor markering av jubileumsåret som det har blitt. Ser ein på lista over arrangement, viser den at Hauge og Tveitt er svært skatta av alle, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, påpeika fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i sin opningstale.

Ho la til at i haust er det arrangement frå Bodø til Beijing, og ein kan oppleva konsertar, teaterframsyningar, opplesingar, utstillingar og seminar. Dette året kjem det ut fleire nye bøker om dei to kunstnarane, og fylkeskommunen har støtta eit dokumentasjonssenter i Ulvik for Hauge sin forfattarskap.

Naboskap
Eit undertema på festivalen i år var naboskap. Folk bur i eit nabolag der dei har felleskap med naboane sine, mykje eller mindre. Naboskap er også det meir fjerne og store, med område og statar. Temaet naboskap høver godt saman med at 2008 er eit markeringsår for kulturelt mangfald. Å møte dette mangfaldet kan utfordra oss, men det kan også gjera møtestundene og samtalane rikare om vi torer å opna fleire sider av oss sjølve for kvarandre.

Samspelet mellom Armboltprisvinnar Robbert Bly og Knut Hamre var nærast elektrisk under Ulvik Poesifestival.Samspelet mellom Armboltprisvinnar Robbert Bly og Knut Hamre var nærast elektrisk under Ulvik Poesifestival.

Dette vart på mange måtar understreka av ein særs opplagd vinnar av Armbolt-prisen, den amerikanske poeten Robert Bly. I gnistrande samspel med fiolonisten Knut Hamre frå Granvin gav dei publikum ei stor oppleving av Hauge sine dikt.

23-åringen Erlend O. Nødtvedt frå Fyllingsdalen fekk Ung Poesi-prisen på 10.000 kroner og fekk stor applaus for si opplesing frå vinnarmaterialet i "Harudes".

 

Hordaland: Prisdryss i Ulvik

Opningstalen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Ung Poesi-prisen 2008

Ulvik Poesifestival 2008

Tekst og foto: Simon Sortland 22.09.2008 13:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart