Fylkeskommunen sin oppfinnarpris vert delt ut for å stimulera til auka nyskaping i fylket. Kreative personar i Hordaland, som ønskjer å realisera oppfinninga si, vert oppmoda om å melda seg på konkurransen.
Kvinner og unge
Oppfinnarprisen har vore delt ut årleg sidan 1993 med unnatak av 2001. Hittil er det berre menn som har vunne. Fylkeskommunen oppfordrar spesielt kvinner og unge om å senda inn ideane og oppfinningane sine til konkurransen.
Må bu i Hordaland
Kandidatar til oppfinnarprisen skal vera busette i og ha fast adresse i Hordaland. Kvar kandidat kan melda seg på med inntil to oppfinningar. Deltakarar som ynskjer å realisera ideen sin i Hordaland, vil få særskild merksemd.
Oppfinningane er sikra konfidensiell handsaming. Før prisutdelinga, som skjer på fylkestinget i desember i år, vil presentasjonen av vinnaroppfinninga verta utforma i samråd med prisvinnar.
Nytt i år: 2. og 3. premie
Nytt ved utdelinga av oppfinnarprisen i 2008 er at det også vert delt ut 2. og 3. premie. Det vert i år såleis tre pengepremiar: oppfinnarprisen kr 50 000, 2. premie kr 20 000 og 3. premie kr 10 000.
Retningsliner og skjema
Retningsliner for Oppfinnarprisen for Hordaland 2008 (word-fil)
Retningsliner for Oppfinnarprisen for Hordaland 2008 (pdf-fil)
Påmeldingsskjema (word-fil)
Påmeldingsskjema (pdf-fil)
Påmeldingsfristen er sett til 7. oktober 2008.
Påmeldinga skal sendast til
Hordaland fylkeskommune
Strategi og næring,
Postboks 7900,
5020 Bergen
Kontakttelefon: 55 23 92 82
Lenkje:
Vinnar oppfinnarprisen 2007