Nyhendesak frå konferansen:
Vanskeleg for høgt utdanna innvandrarar å få jobb
Innlegg på konferansen
Thomas Knudsen, Meland Arbeidssenter: Korleis opplever vi NAV som brukarar? Kva forventar vi og kva er viktig for oss? (pdf)
Abubakar Barry, industriarbeidar og prosjektleiar Sierra Leone: Kva er viktig for meg som flyktning i eit nytt og framandt samfunn? (pdf)
Svein Ramung, spesialist i klinisk psykologi: Nytt samfunn med nye mulegheiter (pdf)
Ann-Magrit Austenå, assisterende generalsekretær Norges Røde Kors: Fra Kongo til Melhus. Nye muligiheter i et nytt samfunn (pdf)

Liv Tvilde Laading (t.h.) i Hordaland fylkeskommune er prosjektleiar for Hordalandsmodellen og ansvarleg for den 7. fleirkulturelle konferansen i Bergen 11. november, her med politisk rådgjevar Hadia Tajik i Arbeids- og inkluderingsdepartementet på konferansen i fjor. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Førehandssak om konferansen med program:
Hordalandsmodellen
Konferansen blir skipa til av Hordaland fylkeskommune i regi av Hordalandsmodellen, som er eit kompetanseutviklingsprogram retta mot det offentlege tenesteapparatet og det tverrkulturelle arbeidsfeltet. Hordalandsmodellen og konferansane er utvikla av prosjektleiar Liv Tvilde Laading som etter seks konferansar, seks år på rad, ville ta konferansepause.
– Men i år er det mangfaldsåret, og eg har fått mange telefonar som spør når konferansen skal vere, så vi har fått til godt program i år også, seier Tvilde Laading.
Nytt samfunn
Konferansen har fått tittel: ”Nytt samfunn – nye mulegheiter – kva utfordringar gir dette?” og tek opp fleire aktuelle problemstillingar som er viktige for flyktningar og asylsøkjarar ved busetting i eit nytt samfunn. På fleire område endrar lov og regelverk seg. Korleis fungerer dette i praksis?
Korleis verkar NAV-reforma
NAV-reforma blir det store temaet. Aetat, trygdekontor og sosialkontor er slått saman. Arbeid som instrument for integrering er ein god modell. NAV er ein fleskibel modell, men korleis fungerer den?
– Det blir viktig å sjå korleis samanslåinga verkar i praksis. Reforma er i startfasen, og den verkar inn på livskvaliteten til mange menneske, seier Tvilde Laading.
Regiondirektør i NAV Vestlandet, Kenneth Stien, skal ta føre seg NAV-reforma og marginaliserte grupper. Men like viktig blir det å sjå på korleis brukarane opplever NAV. Bjørn Arild Herfindal, dagleg leiar av Meland Arbeidssenter, skal snakke om kva som er viktig for dei som brukarar og kva dei ventar seg av NAV.
Frå Sierra Leone Association Hordaland, kjem sosialsekretær og industriarbeidar Abubakar Barry. Han kom som flyktning til Noreg og skal fortelje om korleis NAV-reforma verkar på han.
Det norske rettssystemet
Det andre store temaet blir korleis det norske rettssystemet verkar for flyktningar og asylsøkjarar. Til konferansen kjem den personen som kan mest om dette i landet, advokat Rikke Lassen, som er styremedlem i Advokatforeningens hovudstyre og jobbar i advokatfirmaet Reiss-Andersen.
– Problemstillingen er svært aktuell då til dømes telefonsal ikkje blir oppfatta av mange flyktingar og asylsøkjarar som noko dei må betale for. Det andre er systemet med kjøp no, betal seinare. Dei kan difor kome i uføre og bli gjeldsslavar. Vi skal sjå på lover og forskrifter, korleis den sivile rettspleia fungerer i lokalsamfunnet, korleis forliksrådet og tingretten fungerer, og korleis systemet verkar for flyktningar og asylsøkjarar, seier Tvilde Laading.
Korleis leve vidare
Det siste temaet på konferansen blir korleis vi kan leve vidare i eit nytt samfunn utan at tidlegare konfliktar og opplevingar følgjer med og uroar. Temaet blir tatt opp av Sveinung Ramung, som er spesialist i klinisk psykologi og generalsekretær i Norges Røde Kors, Trygve G. Nordby, tidlegare direktør i UDI og generalsekretær i Flyktningerådet.
Målgruppe for konferansen
Arbeider du med arbeidsmarknadsspørsmål, er du dommar i forliksrådet eller tingretten, arbeider du i offentleg eller privat verksemd og ikkje minst er du politisk interessert og aktiv? Eller er du ganske enkelt engasjert i kva samfunn vi vil ha?
Påmeldingsfrist var 31. oktober 2008
Påmelding
Nærmare opplysingar og påmeldingsskjema (pdf)
Heimesida til Hordalandsmodellen med meir om tverrkulturell forståing og informasjon om tidlegare konferansar om Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn
Har du noko å spørje om? Kontakt:
Tove-Bente Johnsen 55 23 91 24
Liv Tvilde Laading 55 23 91 17
Ingvald Bastesen 56 17 81 43/ 909 27 402
Påmelding til tove-bente.johnsen@post.hfk.no
Hordaland fylkeskommune,
Personalseksjonen ved Tove-Bente Johnsen,
Postboks 7900,
5020 Bergen