Klargjer anbodstildeling for Jondalstunnelen

Fylkesutvalet tilrår samrøystes Fylkestinget å leggja til grunn at det vert henta inn anbod på trasealternativ S1 + S9 + N2 for Jondalstunnelen. Samstundes må anbodsutlysinga innehalde ein føresetnad om at det kan vere aktuelt å vurdere andre utbyggingsal

Fylkestinget vil kome attende til endeleg traseval for Jondalstunnelen når det etter anbodsinnhentinga føreligg einingsprisar og endelege kostnadstal for dei fire aktuelle trasealternativa. 

I saksframstellinga heiter det at dersom alle dei fire aktuelle trasealternativa skal lysast ut samstundes må det gjennomførast ei prioritering av trasealternativa i forkant av anbodsutlysinga. Ulempene med å måtte prioritere mellom trasealternativa for å sette alle ut på anbod er fleire. Den viktigaste er at sjølv ein marginal kostnad ut over finansieringsramma for beste alternativ vil føre til at dette alternativet ikkje kan veljast. Prinsipielt meiner fylkesrådmannen at fylkestinget fritt bør kunne ta stilling til ei eventuell utviding av finansieringsramma og prioritering av utbyggingsalternativ etter at anbod og endelege kostnadstal ligg føre.

Samla sett legg fylkesutvalet til grunn at det tidlegare godkjente trasealternativet, S1+S9+N2, no vert lyst ut på anbod. Samstundes vert det teke høgde for eventuelle tingingar om realisering av andre utbyggingsalternativ i anbodsgrunnlaget. Med grunnlag i einingsprisane i det valgte anbodet kan det gjennomførast ei ny kostnadsberekning også av dei andre alternativa. Når dette er kjent vil fylkesrådmannen legg fram sak om endeleg traseval for Jondalstunnelen.

Simon Sortland 29.09.2008 11:34
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart